Ti førti

Det brenn, tenkjer eg. Det brenn i heile meg. Undrar om det ryk ut or øyra mine. Eg spring så beina nesten dett av. Det kjenns som å fly. Eg er eit fly, tenkjer eg. Nei, det er eg forresten ikkje. Eg er eit tog. Eit lyntog på magnetiske skinner, nokre centimeter over bakken og heile verda som eit uklårt bakteppe. Eit damplokomotiv med svart røyk veltande ut øyrene.


Stoppeklokka lyser, ti førti.
Faen, lyser det inni meg.


Ti førti var ei utrulig dårleg tid. Det kom vel forresten an på kor langt ein sprang. Hadde eg sprunge hundre meter, ville det vore ei fantastisk tid. Verdsrekorden på hundre meter er ni femtiåtte. Den beste i Noreg spring distansen på ni nittini. Eg sprang berre litt over halvparten, seksti meter, på ti førti. Det er rundt ein komma sju sekund per meter. For å nå målet mitt må eg ned i eit og eit halvt. Då spring eg seksti meter på akkurat ni sekundar. Eigentleg kunne eg vel sikta høgare, men ni er ei fin tid. Ni blank. Eg har alltid hatt ei greie med fine tal.

Korleis skriv du ei bok?

Eg har drøymd om å bli forfattar så lenge eg kan hugse. I ein alder av 24 har eg likevel aldri skrive nokon lengre tekst enn særemne på vidaregåande. Som ferdig utdanna har eg ikkje eit einaste fag som gjer meg kvalifisert til å skrive noko særleg meir enn masse epostar og kanskje eit blogginnlegg i ny og ne. Eg valde ein annan veg. Men eg vil skrive ei bok. Den treng ikkje vere lang, kanskje berre eit novellehefte. Den treng ikkje verte gitt ut, det er sjølvsagt heilt urealistisk å forvente. Men den skal skrivast. Om så berre som eit endelaust notat-dokument på telefonen. Kanskje ein bunke A4-ark i skuffen.

Så kvar byrjar ein? Korleis veit ein kva historie som er verd å fortelje? Startar historia in medias res eller med ei ti sider lang innleiing? Kanskje eit forord, men skriv ein ikkje forordet først når boka er ferdig? Skriv ein slutten eller byrjinga først? Kan ein bli forfattar på første forsøk? Neppe.

Eg byrjar med å lese. Kva skriv andre om? Eg leser Magnet av Lars Saabye Christensen. Tilværelsens uutholdelige letthet av Milan Kundera. Hva jeg snakker om når jeg snakker om løping av Murakami. Lang, kortare, kortast. Så trener eg på å skrive utan å stoppe opp. Eg skriv eit blogginnlegg om å ville skrive ei bok. Eg skal skrive fleire, eg skal notere ein heil logg, ei heil dagbok. Korleis skriv du ei bok? Kanskje ingen leser, tenkjer eg. Det blir jo dumt. Men det er jo at folk faktisk skal lese det eg skriv som er skummelt. Då er det kanskje greit at ingen leser.

Tekst ur

Untitled
Untitled

 

Eg er ute av trening. Eg har gløymd korleis det var å ha ein blogg. Det er altså ikkje som å sykle; at ein aldri gløymer. Men eg har aldri vore særlig god til å sykle heller. Eg sa ein gong at eg er betre til å vere stille enn til å prate, men når eg sa det høgt visste eg ikkje lengre om det var sant.

 

19.07.17
1 Island, Thoughts on
_

17

Untitled
Untitled

 

Kanskje det er i år eg skal blogge skikkeleg igjen. Skrive noko meir enn berre søknadar. Putte fotoa mine andre stader enn ei mappe på skrivebordet. Me får sjå.

 

6.02.17
2 Thoughts on
_

Around the corner

Untitled

Dei siste åra på Kunst- og designhøgskolen har eg brukt mykje tid på å lure på kva som eigentleg skal skje no. Så det kjennes litt rart å plutseleg vere her. 23 år, ferdig med bachelorgrad i visuell kommunikasjon, ein tåkelagd sti framover eller kva no enn som dukkar opp til ein nyutdanna grafisk designar. Det spørsmålet eg får kanskje aller mest er om det eigentleg går an å leve av grafisk design. Etter kvart byrjar ein å stille seg sjølv same spørsmål.

 

Utan å få svar.

 

Skulle eg flytte tilbake til Reykjavik, ta ein master og utsette tomheita eit par år til, få meg ein halvrelevant jobb eller eit trongt freelancekontor med tynne pappveggar. Ein ombestemmer seg liksom tre gonger for dagen minst. Men for eit halvt år sidan vart eit val tatt. I byrjinga kjendes det litt framand, som når ein planlegg å reise saman til sommaren men innerst inne veit at det aldri vert noko av. Berre at denne gongen vert det noko av.

 

Me blir til eit heilt lite AS; Hanne, Aurora og meg. JAHJAH (for Johanne Aurora Hanne sjølvsagt) og me skal ha eit pittelite kontor med sjølvkonstruert arkitektskuffe-sofa og kaffitraktar i vinduskarmen.

!!!

 

(det kjem meir om dette framover altså)

22.05.16
7 Thoughts on
_

23

Untitled

 

Søndag vart eg heile 23 år, drakk øl og åt is i Berlin. 23 vert spanande, eg skal skriva ferdig bachelor og finne ut kva som kjem etterpå. Tankane mine rundt det har gjennomgått litt endringar for tida, kanskje fordi det plutseleg slo meg at eg allereie har funne det eg vil drive med. Eg vil jo tusje plakatar og flytte på tekstboksar og setje saman foto resten av livet. Så no handlar det meir om å snuble ned vegen eg har funne, enn å velje ut kva sti eg burde ta. Så kjem eg vel fram til slutt, sjølv om det vert nokre omvegar.

 

1.02.16
5 Thoughts on
_

Ísland

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Det tok litt tid, men så kom saknet. Saknet etter det halvåret som forsvann litt for fort. Det er tomt ein stad eg ikkje veit heilt kvar er, ein stad eg ikkje visste fanns. Men det er vel slik ein veit at det var verd det. At det var eit bra halvår, at eg fekk igjen for alle timar med søknadskriving og planlegging. Så gjeld det berre å gjere Bergen til mitt neste eventyr.

 

 

18.01.15
5 Thoughts on
_

Follow and Like: