Phonodesign

PHONO
PHONO
PHONO

EIN DRAUM SOM VART VERKELEGHEIT

Eg har eigentleg aldri vunne noko stort før. Og eg trudde ikkje eg skulle gjere det denne gongen heller. Eg hadde eigentleg tenkt å ikkje prøve, men bestemte meg for å ha det som personleg mål å i det minste levere frå meg eit bidrag eg var nøgd med.

«Tusen takk for ditt bidrag til designkonkurransen. Vi har fått inn mange gode forslag i år og konkurransen var tøff. Ditt bidrag var kreativt, og du har en spennende teknikk, derfor ønsker vi i Phonostyret å tilby deg stillingen som festivalgrafiker.»

 

Det at eg er festivalgrafikar betyr at eg enkelt og greit skal designe alt det grafiske til Phono. Plakatar, t-skjorter, totebags, programhefte, webside, flyers, alt. Eg er forferdeleg stolt, det må vel vere lov å seie. Dette er ein så stor muligheit at den tar litt pusten frå meg. Heile Bergen og kanskje fleire skal sjå plakatane mine, folk kjem til å kjøpe t-skjorter og totebags som eg har designa, bla i program som eg har bestemt korleis skal sjå ut.

Eg er livredd også sjølvsagt, fordi tenk om det ikkje blir bra nok. Tenk om eg ikkje er flink nok likevel. Tenk om.

Men så har dei jo vald meg, fordi dei ville ha meg. Fordi dei tykkjer eg er god nok. Det er litt lettare å tru på seg sjølv når andre gjer det. Og dette er så viktig for meg (fordi no er eg jo faktisk grafisk designar ganske på ordentleg) at eg veit eg skal få det til. Og ha det fantastisk fantastisk gøy samtidig.

Eg kjem til å halde blogg oppdatert på vidare utvikling, eg har til og med gitt Phonofestivalen 2013 ein eigen kategori – fordi dette er ein jobb (ja eg får betalt også) som kjem til å oppta meg enormt fram til september når alt plutseleg er over.

28.02.13
42 Graphic
_

Follow and Like: