August inspirations

August er alltid ein bra månad for å starte noko nytt. Eg vert student igjen i midten. Reparerer lamper så dei er klare til haustmørkret. Gler meg til å kle meg i mørkebrunt og flaskegrønt. Men først er det seinsommar, ein siste innspurt med sommarjobb og sommarlønning, dei siste varme bada og uttørka potteplantene.

4.08.18
0 Bits & bobs
_

Ti førti

Det brenn, tenkjer eg. Det brenn i heile meg. Undrar om det ryk ut or øyra mine. Eg spring så beina nesten dett av. Det kjenns som å fly. Eg er eit fly, tenkjer eg. Nei, det er eg forresten ikkje. Eg er eit tog. Eit lyntog på magnetiske skinner, nokre centimeter over bakken og heile verda som eit uklårt bakteppe. Eit damplokomotiv med svart røyk veltande ut øyrene.


Stoppeklokka lyser, ti førti.
Faen, lyser det inni meg.


Ti førti var ei utrulig dårleg tid. Det kom vel forresten an på kor langt ein sprang. Hadde eg sprunge hundre meter, ville det vore ei fantastisk tid. Verdsrekorden på hundre meter er ni femtiåtte. Den beste i Noreg spring distansen på ni nittini. Eg sprang berre litt over halvparten, seksti meter, på ti førti. Det er rundt ein komma sju sekund per meter. For å nå målet mitt må eg ned i eit og eit halvt. Då spring eg seksti meter på akkurat ni sekundar. Eigentleg kunne eg vel sikta høgare, men ni er ei fin tid. Ni blank. Eg har alltid hatt ei greie med fine tal.

Follow and Like: