Ferie

Dette har vore det mest intense semesteret på Kunst- og Designhøgskolen hittil, og eg treng ein sommar for å vere klar til hausten. Har lyst til å skrive litt gode innlegg på blogg, ikkje berre korte oppdateringar med «dette har eg produsert i det siste», har lyst til å illustrere litt for morro skuld og fotografere stille sommardagar. Velkommen sommarferien, eg skal la meg inspirere.

 

22.05.15
5 Bits & bobs
_

Freelance summer

Untitled

Untitled

Untitled

Untitled

Untitled

I sommar skal eg berre freelance. Ligge på brygga på hytta og ikkje bruke pengar og tjene akkurat nok til å betale husleige og ein svipp til Island. Lage bra greier og ha tid til å gjere ingenting. Det blir så bra.

 

15.05.15
5 Graphic
_

Reykjavík, a guide

 

 

Reykjavik er ein liten by, og etter eit halvt år vart eg godt kjend med det meste av den. Eg har brukt mykje tid på å setje saman ein ordentlig guide, og håpar den kjem til nytte for nokon! Reiser å ta ut av byen kjem i ein eigen liten guide.

 

Untitled

Hallgrímskirkja
Eiríksgata

 

Ei ganske annleis og minimalistisk kyrkje. Eg tykkjer ho er heilt fantastisk både utanpå og inni – gløym ikkje å nyte synet av orgelet om du går inn (noko som er gratis). Ein kan også ta ein tur opp i tårnet for 700 ISK og få ei nydeleg utsikt 360 over Reykjavik. Det er ikkje trepper, men heis, som er litt rart men også ganske fint om ein har med seg reisefølgje som er dårleg til beins (besteforeldre for eksempel).

 

 

Sundhöll Reykjavíkur
Bergþórugata

 

Badebassenget eg kjøpte meg klippekort til under opphaldet. Det er mest sentrumsnært og har innandørs basseng pluss to hotpots utandørs. (les: alle svømmebasseng på Island har hotpots og naturleg varma basseng – og dei er svært kry over dei)

 

 

Laugardalslaug
Sundlaugarvegur 30

 

Eit større utandørs basseng om ein skulle ønske litt meir areale å boltre seg på! Ligg litt utanfor sentrum, men er lett tilgjengeleg med buss om det ikkje skal vere praktisk å gå 40-45 minuttar.

 

Untitled

 

Norræna Húsið
Sturlagata 5

 

Ein fin liten spasertur langs tjernet i midten av Reykjavik fører deg til høgskuleområdet – og dette huset. Teikna av Alvar Aalto og absolutt verd eit besøk. Det er ofte opera-konsertar her, og ei lita utstilling i kjellaren, men sjølve huset er hovedattraksjonen. Nydeleg blanding av mørkt tre, glas og betong, i alle fall arkitektur eg er stor fan av.

Tips: sett deg på ein vindusplass i Aalto Bisto og ta ein brus medan du ser utover byen. Dette er akkurat langt nok frå bykjerna til at du får eit overblikk – og det er eit vakkert skode.

 

Untitled

 

Harpa
Austurbakki 2

 

Konserthuset er eit imponerande bygg, og ligg i eit område det er vakert å spasere på dagar der vinden ikkje bles deg i bakken.

 

 

Solfar
Sæbraut (gangstien)

 

Skulpturen av Jón Gunnar Árnason ligg ved vatnet og tilbyr ein vakker utsikt til fjella og øyene utanfor Reykjavik. Absolutt verd ein spasertur, men OBS – her bles det alltid frå havet.

 

 

Listasafn Reykjavíkur (Reykjavik art museum)
Hafnarhús – Tryggvagata 17
Kjarvalsstadir – Flókagata 24
Ásmundarsafn – Stígtun

 

Utstillingane endrer seg ofte, med unntak av nokre faste. Dei er flinke til å plukke ut og vise islandske kunstnarar!

 

 

Micro Bar
Austurstræti

 

Øl! Mikroøl! Her har dei alltid 10 forskjellige på tapp og ein haug på flaske. Samanlikna med mange andre stader er 10 kanskje ikkje så mykje – men det er det meste du får i Reykjavik! Alkoholprisane er som norske.

Tips: bestill smakebrett på anten 5 eller 10 små glas med prøvar av tapp-ølet, eller gå for 0,33 framfor 0,5-glas med øl så får ein smakt litt forskjellig.

 

Untitled

 

Reykjavik Roasters
Kárastígur 1 (Frakkastígur)

 

Den beste kaffien i Reykjvavik. Dei brenner bønnene sjølv (som namnet indikerer) i lokalet med ein ganske kosleg blå kaffibrennar. Dette foregår omtrent tre gonger i veka, så sjansen er stor for at ein får sildrande kaffibønner som soundtrack til kaffien. Elles spelar dei vinyl, som er ganske bra bakgrunnsmusikk det også. Lokalet er mellomstort, og i turistsessongen må ein rekne med å måtte dele bord med fleire eller satse på takeaway. I vintermånadane er dette det ultimate krypinn der ein kan ta med seg datamaskin og notatbok og arbeide i timesvis (det er stikkontaktar for lading ved fleire av borda)

Tips: det er fleire bord bak disken, ikkje gje opp å få plass før du har sjekka der. Her får du handbrygga kaffi, gå for Kalita eller Aeropress om du vil ha svart. Om de er to eller fleire går det an å bestille ein stor Kalita på deling!

 

 

Nora Magasin
Pósthússtræti 9

 

Liten men bra meny, veldig gode hamburgarar. Bar er det også, så dei har eit godt utval av bra drikke til maten.

 

 

Bakarí Sandholt
Laugavegur 36

 

Om ein vil ete frukost ute er dette det beste alternativet. Servicen er litt over gjennomsnittleg surrete og styr unna kaffien (!) men alt anna er himmelsk. Ein får ikkje den klassiske egg-og-bacon-frukosten her, men om ein skulle kjenne seg meir i det moduset når ein kjem fram er det berre å smyge seg rett over gata til Tíu Droppar – der har dei!

Tips: om du ønsker yoghurt (med müsli) bestill Skyr (med müsli) i staden! Mykje betre.

 

Untitled

 

Grillmarkaðurinn
Lækjargata 2a

 

Dyr men så himmelsk god mat. Ein bør unna seg ein tur her om ein har råd. Og sjølvsagt: kom svolten! Om ein er her i sommarhalvåret kan det vere lurt å bestille bord for sikkerheits skuld. Men på generell basis blir det sjeldan heilt fullt ein stad i Reykjavik. (med unntak av Reykjavik Roasters)

 

Untitled

 

Pizzastaðurinn á Hverfisgötu 12
Hverfisgata 12

 

Her finns det masse rar og bra pizza. Huset kan vere vanskeleg å finne, då det er veldig anonymt. Staden har ikkje eingong eit namn, den vert berre kalla pizzaplassen i Hverfisgata 12. Finn adressen og gå opp treppene til eit kvitt hus, så er du på rett veg.

 

 

Gandhi
Pósthússtræti 15

 

Den beste indiske restauranten i Reykjavik utan tvil. Maten tar litt tid, så ikkje gå hit om du er akutt svolten. Opnar ikkje før 17:30 som er eit minus for meg som gjerne vil ha mat litt før, men det er verd å vente på. Har prøvd omtrent halve menyen i løpet av mitt opphald – og ingenting har skuffa.

Tips: musikken her er ganske fæl, men heldigvis ganske låg. Ikkje sett deg rett under høgtalarane om det er mogeleg å velje eit anna bord.

 

 

Prikið
Bankastræti 12

 

Den beste burgaren i Reykjavik, kanskje den beste på Island til og med. Også ein hyggeleg stad å ta ein øl i kveldinga, gjerne i kombinasjon med den berømte burgaren.

 

 

Gló
Laugavegur 20b

 

Enkle og billege vegetariske og veganske rettar, servert på flekken. Mange nyttar dette som dagleg lunsjstad, og er perfekt for studentlommebøker som vil ha god sunn mat raskt.

 

Untitled

 

Valdís
Grandagarður 21

 

Is is is! Er det fint vær? Spaser ned til dette herlege havneområdet og nyt ein fantastisk is. I mine auger blir det aldri for kaldt for is, men i regnvær er både spaserturen og isetinga utandørs kanskje litt kjeisam.

 

 

Spúútnik
Laugavegur

 

Ganske stor men ganske oversiktleg vintagebutikk. Muligens min personlege favoritt. Super stad å gå på skattejakt – og sjansane er store for at ein finn noko nedgravd. Prisane her er ganske bra, og nokre gonger har dei det som heiter Kilo-marknad, altså ein betaler pr. kg klær. Då kan ein tjene mykje på å gå for dei litt tynne skjørta eller dei fluffy strikkegensarane – som gjerne ikkje veg like mykje som dei er verd!

Prisane er etter mi meining litt høge for seconhand. Men prisnivået på Island er om lag som i Noreg, så eg forventa igrunn ikkje noko anna.

 

 

Kiosk
Laugavegur 65

 

Ein butikk i felleseige av fleire islandske designarar. Det er stor variasjon av stilar og produkt – alt frå vinterkåper til badedrakter. Ein stad ein bør stikke innom rett og slett for å sjå kva Reykjavik-baserte designarar driver med, bli inspirert og kanskje finne den perfekte gensaren mellom alt det rare (det gjorde i alle fall eg).

Tips: Kyrja er til salgs her, ein av mine island-favorittar.

 

 

Geysir
Skólavörðurstíg 9

 

God blanding av Islandske designarar og internasjonale hits som Red Wings og Barbour. Danske Ganni har sneke seg med her også. Klær på Island bær preg av å setje funksjonalitet og haldbarheit først, fordi det er det som fungerer her. Geysir tilbyr varme klær i eit heimekosleg lokale.

 

 

Myrin
Hafnarhus (Geirsgata 9)
Kringlan (shopping senter)

 

Har litt diverse nips og naps til heimen, samt klær frå finske Samuji. Hadde ikkje høyrd om Samuji før eg flytta til Island, men vart ganske kjapt forelska. Prisnivået er over gjennomsnittleg høgt som i dei fleste butikkar på Island, men kvalitetsnivået ligg like høgt. Dessutan er det heilt gratis å sjå og bli inspirert.

 

Untitled

 

GK Reykjavik
Bankastræti 11

 

Klassiske klær frå merker som Wood Wood og Won Hundred ++, om ein skal ha med seg litt god gamaldags shopping.

 

Untitled

 

KronKron
Laugavegur 63B

 

Om ein er ute etter litt designarklede er dette butikken å stikke innom. Atmosfæren står i stor kontrast til det typiske skandinaviske klessiske som ofte er i designarbutikkane her heime, og ein finn noko for einkvar smak og stil.

 

 

12 Tónar
Skólavörðurstíg 15

 

Musikkbutikk med utval både av CD og LP. Om ein smyger seg ned ei vindetrapp har dei eit eige lyttehjørne der ein kan lytte gjennom både LP- og CD-platene før ein eventuelt kjøper noko. Det kjennes som ein privat liten klubb i kjellaren, og det er lov å berre nyte musikk utan nokon intensjonar om kjøp også.

 

 

Eymundsson
Austurstræti 18
+
Skólavörðurstíg 11

 

I Austurstræti har Eymundsson fire etasjar med bøker og magasin, og det er absolutt det største utvalet ein finn. Ikkje la deg lure av turistbøkene ved inngangen, resten av bygget er ikkje turistprega. Te & Kaffi har ein avdeling i øverste etasje, og det er lov å plukke med seg magasin (max 3) og lese dei her gratis.

Tips: om du vil kjøpe magasin trekk fram det bakerste, dei to fremste er mest truleg lest eit par gonger i kafeen. Oftast er det ingen skader, men det er kjedeleg om ei side eller to skal ha krølla seg.

 

Untitled

 

Spark Design Space
Klapparstígur 33

 

Her får islandske designarar, kunstnarar og fotografar vist seg fram. Dei har mellom anna kunstkart frå byar over heile verda, som er passe enkle og fine. Prisane er høge, men dette er ein butikk det er lov å berre sjå i.

 

 

2.05.15
4 Reykjavík
_

Follow and Like: