Feel

Eg datt av lasset her om dagen. Eg vart vippa av pinnen. Eg har ikkje kontroll meir. Eg er veldig van med å ha kontroll. Vite kva som kjem, kunne planlegge, teikne det ned og vere førebudd på det meste. Men plutseleg måtte eg innsjå at dette er ikkje noko eg kan kontrollere. Eg må sitje og vente, sjå på, for denne gongen er det ikkje eg som bestemmer, og eg kan ikkje gjere noko med det.

________Når eg dett av lasset på den måten gjennomgår eg ei mini-identitetskrise. Kven er eg, kva vil eg, og ikkje minst kva føler eg. Det siste er oftast vanskelegast å svare på. Til å vere eit så kjenslestyrt menneske har eg ofte store vanskelegheiter med å finne ut kva eg eigentleg går og føler på. Grunnen til det er først og fremst at eg prøver å vere noko eg ikkje er. Eg prøver veldig hardt, kvar dag, å la meg styre av tankane, det som er logisk, det eg veit blir best for meg på lengre sikt. Det som er fornuftig. Men ofte er det noko heilt anna enn det eg kjenner.

________Det er vanskeleg å vere så kjenslestyrt. Det er vanskeleg å ikkje vere som eg aller helst vil. Eg skulle ønske eg heile tida kunne ta val med grunnlag i det eg veit blir best, i staden for det kjenslene fortel meg. Kjenslene mine er fyllt med naivt håp om at alt ender bra så lenge ein følgjer hjartet.

________Men så hender det at kjenslene mine har rett likevel. At så lenge eg er meg heilt ut så blir eg lukkeleg til slutt. For sjølv når ting er så vondt at det verker i heile meg, så er eg lukkeleg. Fordi eg gjorde det som var rett. Ikkje fordi det ikkje var feil, men fordi eg hadde ikkje vore meg om eg tok eit anna val. Å vere lukkeleg handlar ikkje om å vere det andre ser på som perfekt. Det handlar om å kjenne seg trygg i seg sjølv. Til og med når ein ikkje har kontroll.

18.03.13
11 Thoughts on
_

Post

Når eg kom heim til Aurland låg det masse post og venta på meg, eg elskar jo gøy post!

Endeleg har eg fått meg ein stor sekk. Som kreativ student skal ein ha med seg både det eine og det andre til og frå skulen heile tida, har lenge tenkt på å skaffe meg ein større, men fann ikkje den riktige storleiken og formen nokon stad. Før for ikkje lenge sidan! Common Sense Valter Backpack, frå Sverige.

Untitled
Untitled

Frå andre sida av verda (les: Australia) kom det søtaste brevet eg har lest på lenge saman med Yen magazine, skulle ønske me hadde magasin som dette i Noreg!

Untitled
Untitled
Untitled

Og frå andre sida av havet kom ei bok som før tilhøyrde Ypsilanti District Library, men som no er berre min. Full av heilt utrulige broderi, eg får lyst til å prøve nokon sjølv, men eg veit jo at eg eigentleg ikkje har tolmodigheit.

Untitled
Untitled

16.03.13
21 Bits & bobs
_

Krakow i farge

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

Framleis forelska i Krakow. Så vakkert.

15.03.13
16 Travel, Visual essay
_

The making of

Eksklusiv innsikt i t-skjorte/handlenett-design for Phonofestivalen. Førsteutkastet i alle fall!

totebag-prosess

Det har blitt mange litt kortare innlegg for tida, sånn «hei dette har jobba med i det siste» eg håpar ikkje det er kjeisamt.

14.03.13
15 Bits & bobs
_

Days

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

Eg er ikkje ein sånn bloggar som har kameraet med og dokumenterer kvardagshendingar. Som tar vakre, kvite, reine bilder av frukost i senga og runde kaffikoppar på kafé. Eg ynskjer å vere det i små glimt, men så er eg berre Johanne med kornete analoge bilder med støvprikkar og gater fanga dei dagane eg har fri og går på tur. Det kjem ikkje til å endre seg, for det er det som er meg. Men framover kjem eg også til å skrive mykje meir om grafiske ting eg gjer, og meir glimt inn i garderoben min. Eg sette meg dette målet u haust, men det har vore vanskeleg å bytte bloggspor når konseptet mitt før ikkje gjorde plass til dette. No skjer det.

12.03.13
17 Visual essay
_

Likar du syklar?

Untitled-2
Untitled-3

Då kan det jo hende du likar mine syklar også. Dei kan kjøpast på Society6 som vanleg plakat (art print), innramma, postkort, telefondeksel, og ja til og med som pute. Det er berre å trykke her.

4.03.13
23 Bits & bobs
_

Kraków czarno-biały (b/w)

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

I februar var eg og mamma og pappa i Krakow. Det er høgst sannsynleg den mest fotogene byen eg har vore i nokonsinne, eg tok bilder heile tida. Bildene eg viser er kun frå byen. Me gjorde veldig mykje, me var i saltgruvene og i Auschwitz og Birkenau, men eg føler ikkje at det er noko som passar å vise her, i alle fall ikkje sistnemnte. Eg kan seie at det var ei sterk oppleving og at eg er veldig glad for å ha vore der. Meir er eigentleg ikkje nødvendig.

Eg er i alle fall forelska i Krakow!

2.03.13
14 Travel, Visual essay
_

Follow and Like: