BA

52830009
tekst-malindd-kopi

Eg skriv bachelor, nesten heile påsken, av og til skulle eg ynskje eg kunne berre vere bachelorstudent resten av livet og ikkje ha nokre bekymringar om å nedbetale studielån eller om det no eigentleg finns nokon jobbar som grafisk designar. Men så sjukt bra det skal bli å vere ferdig også. Wow tenk at snart er eg ikkje student meir.

24.03.16
6 Bits & bobs
_

Gneisenaustraße

52830027
52830028
52830029
52830024

 

Ein siste rest av februar-Berlin, minusgrader, lange dagar og endå lengre netter. Lengtar litt ut, kanskje til Berlin, mest til Island. Det er snart på tide å bruke opp det flybillett-gåvekortet eg fekk i bursdagsgåve.

 

15.03.16
0 Travel
_

Surface

Untitled
Untitled

Smakebit på utstillinga eg hadde i Trondheim.

Tabu (utt; tábu el. tabú): ei overflate som blir brutt eller prøver å halde noko tilbake. Eg gir deg to sjølvportrett, eit nært og eit fjernt: men begge like mykje meg.
Analoge fotografi, Island (2015) og Berlin (2016)

13.03.16
2 Visual essay
_

Some places I liked in Berlin

 

52830023
52830011

do you read me?!
Auguststr. 28

Magasin frå golv til tak. Mykje internasjonalt, mykje bra.

 

52830016

Motto
Skalitzer Str. 68

Fanziner, bøker, musikk, magasin.

 

Jet Foto
Dircksenstr. 89

Her framkalla eg film medan eg budde i Berlin, eigentleg kan ein vel framkalle film på kvart gatehjørne omtrent men her gjekk det sjukt kjapt til ein ok pris.

 

Modulor
Prinzenstr. 85

THE art supply store. Dei har alt ein i det heile tatt kunne drøymd om at eksisterte.

 

52830008

Weinmeisterstrasse / Mulackstrasse / Münzstrasse (Mitte)

Om ein vil gå i koslege gater med ein takeawaykaffi og drøyme litt matrealistisk.

 

Dussmann
Friedrichstr. 90

Dette var redninga frå ein månad utan internett. Fem etasjar med bøker, film og musikk.

 

52830019
52830020

Voo / Companion Coffee
Oranienstr. 24

Sjukt fint lokale, prøverom, utval av klær / bøker / nips. Dyrt.

 

Nano Kaffee Berlin
Dresdener Str. 14

Too fancy too good.

 

Untitled

A. Horn
Carl-Herz-Ufer 9

Dette låg rett ved den første leiligheita eg budde i, dei serverer den beste skåla med yoghurt og müsli eg har ete. Åt frukost her kvar gong eg hadde tid. (som eg skulle ønske var oftare)

 

b, c & c
Mehringdamm 66

Rett ved bustad nummer to, best hangoversmotthies.

 

52830021

Mehringdamm

Ei gatestrekke med super takeaway. Inkluderer den berømte Curry 36.

 

Untitled
Untitled

Sameheads
Richardstraße 10

Her var B.L.A.D.-releasefesten, kjennes som ekte berlinsk undergrunn med grottekjellar og glitter i taket.

 

Analoge fotoautomatar

Ein finn dei litt over alt, ha småeuros klar! Men om ein ikkje har tid til å passere ein tilfeldig, her er eit kart over ganske mange av dei: http://www.photoautomat.de/standorte.html

12.03.16
1 Travel
_

Psykologidagene 2016

Untitled
Untitled
Untitled

 

7-8. mars tok eg turen til Trondheim; for å rigge opp fotoutstilling, seie hallo til ein av mine favorittpersonar, snike meg rundt i gangane på Frimurerlogen, sjå på alle som plukka med seg programmet eg har designa, eller som myste på fotografia mine. Allereie i sommar starta eg å skisse opp forslag til logo og stilretningar, og å sjå alt nøste seg saman til slutt kjennes verkeleg bra. 33 frivillige sprang rundt i kvite t-skjorter med logo på, det blir liksom noko anna enn å sjå den som ei flat png-fil på dataskjermen.

 

9.03.16
0 Graphic
_

Follow and Like: