Reykjanes

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

Dette er altså naturen eg omgir meg med på alle kantar. Stupbratte revner i bakken, klipper som bøyer seg i alle retningar, damp som siv opp av jordgrunn som held 80-100°C. Det er så uendeleg vakkert, og endå har eg berre fått tatt bilder med mobilkamera fordi eg ikkje er førebudd på å møte på slike syn rundt neste sving. Godt eg har fire månader og god tid til mange turar med kamera i sekken.

 

 

28.08.14
12 Island
_

P for Phonoprogram

 

 

Direkte frå Reykjavik vart denne sendt i trykken i dag, og markerer nesten-slutten for designarbeidet med Phono 2014. Phono var det første store oppdraget eg gjorde, og eg har fått lov å vere med i to år. Vil alltid vere litt ekstra glad i denne festivalen.

 

 

28.08.14
2 Graphic
_

Notes

Untitled

 

Reykjavik er absolutt alt eg håpa på det ville vere. Det er akkurat passe stort. Ein forsvinn i mengda når ein ønsker men det er heller ikkje vanskeleg å bli kjend med folk. Det er eit svømmebasseng i kvar bydel – alle utstyrt med varme kjelder, nokre med både utandørs og innandørs basseng. Vatnet er naturleg oppvarma, og det er mykje mindre / ingen klor. Lokal musikk og design er lett tilgjengeleg, det same gjeld naturen. Bussar ut av byen er ikkje vanskeleg å oppdrive, om ein vil reise organisert med turistopplegg eller finne fram på eiga hand.

 

Så her sit eg, første skuledag og et gulrotkake til lunsj. Skulen er så som så. Så ærleg kan eg vel vere. Ikkje like stor fleksibilitet som eg hadde håpa på, men elles er det veldig lovande. Akkurat den delen kjem litt i andre rekke for meg. Det er så overveldande mykje bra her at eg klarer ikkje verte skuffa om eg så hadde prøvd. Dette kjennes som heime allereie. Neste søndag skal eg nordover for å sjå på endå meir natur, pluss fuglar og kystlinje. Nokon ting må ein få gjort før vinteren set inn og været gjer det vanskelegare å gjennomføre. Eg har allereie fått favorittstader i Reykjavik, og eg gler meg til å gjøyme meg på kafé kalde vinterdagar og grave meg ned i tjukke ullskjerf (sistnevnte har eg allereie byrja med – her er det 13 grader toppen, bra at eg trives i kulden.)

 

Førebels bur eg på hostel, og sjølv om eg er svært positivt overraska over kor bra det går å bu i eit køysengerom med 12 andre jenter blir det fantastisk å få noko som er mitt. Eg har kjøpt to kaffikoppar og eit lite kaffibrett og gler meg til å kunne brygge kaffi på mitt eige rom før eg skal på skulen. Me har ikkje undervisning før klokka 13, som opnar for bra morgonar og lite stress (eg hatar å stresse). Kanskje til og med litt produktiv jobbing, eg har ein tendens til å vakne tidleg sjølv når eg ikkje trenger det.

 

Eg kjem til å lage ein Reykjavik-guide. Eg er klar over at etterspurnaden for ein slik guide er svært liten – men eg oppdagar for mykje bra her som ikkje er tipsa om nokonstad til å la vere. Plutseleg ein dag er det nokon som skal til Reykjavik og som trenger akkurat ein slik type guide som eg kan lage. Dessutan er det fint for min eigen del også! På bloggen opprettar eg kategorien «Reykjavik» for å dele favorittstader i byen, og «Island» for meir generelle fotosamlingar etc. Dette landet er perfekt for meg. Eg har gjort eit bra val.

 

 

25.08.14
14 Island
_

First days in Reykjavík

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

24.08.14
9 Island
_

Når eg kjem til Island:

Untitled

Bildekjelde

 

Eg bur fem dagar på dette hotstellet før eg kan flytte tinga mine over til Odinn der eg har studentbolig. Eg får ikkje flytta skikkeleg inn før 1. september, så eg har heile 10 dagar i Reykjavik før eg kan bruke tida mi på å pakke ut saker og lage ein mini-heim for fire månader. Studiestart er dog 25 august, så eg har nok av ting å fylle dagane med. I tillegg til å orientere meg fram og tilbake til skulen tenkte eg å:

 

⤫  finne ut om og evt. kvar ein kan få semesterkort
til eit svømmebasseng
⤫  bade. Varm kjelde, blå lagune
⤫  finne ut kvar på Island ein kan reise med
kollektivtransport for å oppleve litt meir enn Reykjavik
(på ønskelista: Landmannalaugar, Gullfoss)
⤫  speedlese litt i «Learning Icelandic» (litt usikker
på om dette er eit realistisk mål. Mest truleg ikkje)
⤫  ta analoge bilder igjen, og finne ut kvar ein får
framkalla i Reykjavik
⤫  gå på Kafé (har Reykjavík Roasters, Kaffitár og
Landromat på lista)
⤫  gå langs havna

 

Plutseleg er det under to veker til alt saman, og det meste er i boks. Skype er installert, satsar på å lure meg unna den verste heimlengsla på fire månader – tida flyr tross alt!

 

 

8.08.14
9 Island
_

Follow and Like: