B&W

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Island i svartkvitt. Ventar framleis på dei analoge bilda, det tar litt tid å få dei framkalla. Gler meg til å sjå dei, om dei i det heile tatt overlevde reisa utan å lekke fulle av lys! I mellomtida får eg berre bla litt tilbake i arkiva.

 

 

25.01.15
6 Island, Visual essay
_

Chain Wallet

Chain Wallet
Untitled

 

I dag var eg med å hente åtti ferdigtrykka handlenett på Robotbutikken, starten på eit fantastisk samarbeid med bandet Chain Wallet. Printet laga eg  for ei stund sidan på Island, men ting tar tid og endeleg var det ferdig. Eg er super-nøgd og har blitt gratulert for vel utført design opptil fleire gonger. Dette blir bra!

 

 

21.01.15
6 Graphic
_

Ísland

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Det tok litt tid, men så kom saknet. Saknet etter det halvåret som forsvann litt for fort. Det er tomt ein stad eg ikkje veit heilt kvar er, ein stad eg ikkje visste fanns. Men det er vel slik ein veit at det var verd det. At det var eit bra halvår, at eg fekk igjen for alle timar med søknadskriving og planlegging. Så gjeld det berre å gjere Bergen til mitt neste eventyr.

 

 

18.01.15
5 Thoughts on
_

GIG

 

 

Untitled

 

 

Untitled

 

Nyleg har eg blitt hanka inn som designar for eit samarbeidskonsept mellom Griegakademiet og Vestnorsk Jazzsenter, konsertserien GIG-akademiet. Dette blir første plakat + logo for serien. Har litt grafisk-greier på lur som snart kan visast fram, kjennes bra å ha tid til å freelance litt.

 

 

17.01.15
5 Graphic
_

Follow and Like: