Klangplate

Untitled
Untitled

 

Klangkollektivet gir kvart år ut ein miks med smakebitar frå årets utgivingar. Slik ser nummer tre ut, i tråd med resten av designet eg laga for dei tidlegare i haust. Det er nok litt lavastein-inspirasjon inne i bildet her, Island har gitt meg mykje bra input.

 

 

28.10.14
3 Graphic
_

Dyrhólaey

Untitled
Untitled

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

Dyrhólaey er så langt sør ein kan komme på Island. Kolsvart sand så langt auget rekk og merkelege klippeformasjonar. Ikkje langt unna ligg også den pittevesle staden Vík, der den første snøen hadde sneke seg nedover fjellsida. Litt vulkansk tåke hadde snegla seg nedover frå volkanutbrotet i nord, og bidrog til litt ekstra trollsk stemning.

 

 

26.10.14
10 Island, Visual essay
_

Half

 

Eg er omtrent midt i Islandopphaldet. To månadar har gått, og to månader gjenstår. Reykjavik er endå betre på nært hald, ein avstandsforelskelse har blitt ei skikkeleg forelsking. Tida har gått så fort at eg nesten ikkje kan tru det. Eg er ikkje klar for tanken på å reise heim endå. Men heldigvis er det to herleg kalde månader igjen.

 

Den første snøen kom til Reykjavik i natt, alt er litt stillare og mjukare enn vanleg. Eg elskar at det er skikkeleg snø og ikkje halvblaut slaps. Elskar kor lyst alt blir sjølv om mørkret kjem tidlegare enn nokongong. Eg kjem til å sakne å vere utvekslingselev på ei vulkansk øy oppe i nord. Men eg kjenner i heile meg at det ikkje er siste gong eg er her over lengre tid. Ikkje kort tid heller for den slags skuld. Men aller først skal eg ha to fantastiske månader til.

 

 

21.10.14
5 Island, Thoughts on
_

Laurdag

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

I går reiste eg nordover til Snæfellsnes og var der heile dagen. Eg beslutta raskt at dette ikkje kunne vere siste turen opp dit. Sat igrunn på feil side av bussen når det kom til å fange dei vakraste bileta, men det var nesten greit å ha litt fotofri óg. Så skal eg hugse å setje meg på høgre side neste gong!

 

 

19.10.14
4 Island
_

Follow and Like: