Half

 

Eg er omtrent midt i Islandopphaldet. To månadar har gått, og to månader gjenstår. Reykjavik er endå betre på nært hald, ein avstandsforelskelse har blitt ei skikkeleg forelsking. Tida har gått så fort at eg nesten ikkje kan tru det. Eg er ikkje klar for tanken på å reise heim endå. Men heldigvis er det to herleg kalde månader igjen.

 

Den første snøen kom til Reykjavik i natt, alt er litt stillare og mjukare enn vanleg. Eg elskar at det er skikkeleg snø og ikkje halvblaut slaps. Elskar kor lyst alt blir sjølv om mørkret kjem tidlegare enn nokongong. Eg kjem til å sakne å vere utvekslingselev på ei vulkansk øy oppe i nord. Men eg kjenner i heile meg at det ikkje er siste gong eg er her over lengre tid. Ikkje kort tid heller for den slags skuld. Men aller først skal eg ha to fantastiske månader til.

 

 

21.10.14
5 Island, Thoughts on
_


  1. karoline sier:

    jeg vil også til island og nå har jeg bestemt meg, en dag skal jeg også til island.

  2. Synne sier:

    Åååh, så herlig at dere har fått snø! Jeg blir glad i hele kroppen bare av tanken, og jeg gleder meg sånn til det første hvite teppet legger seg her hos oss. Det er så fint å lese at du trives, og det er alltid godt å vite at man kan reise tilbake og tilbringe mer tid på steder som utmerker seg. Håper de to neste månedene blir alt du håper på!

  3. susanne sier:

    får heilt frysningar av det her. det høyres så herleg ut, og det er fantastisk fint at du trivest. masse lukke til deg og dei to siste månadane dine der oppe.
    og etter alle desse islandspostane dine gler eg meg berre endå meir til å reise dit med han fine i noko eg håpar er ei ikkje-så-altfor-fjern-framtid.
    satsar på ein superfin og miniliten islands-guide ei stund etter du er tilbake i noreg.(vær så snill?)

  4. karoline sier:

    Det verkar som om du har the time of your life! For å seie det på Patrick Swayze-vis. Så utroleg glad for at du trivs så godt, hurra! No gler eg meg endå meir til eg kjem på besøk!

  5. Ingvild sier:

    Du gir meg bare mer og mer lyst til å reise til Island…!!! Og jeg blir helt tullete forelsket når du skriver om snø og vinter. Jeg gleder meg så fryktelig mye til vinter og snø og jul og kaldere tider. Åh <3

Leave a comment




Follow and Like: