Ti førti

Det brenn, tenkjer eg. Det brenn i heile meg. Undrar om det ryk ut or øyra mine. Eg spring så beina nesten dett av. Det kjenns som å fly. Eg er eit fly, tenkjer eg. Nei, det er eg forresten ikkje. Eg er eit tog. Eit lyntog på magnetiske skinner, nokre centimeter over bakken og heile verda som eit uklårt bakteppe. Eit damplokomotiv med svart røyk veltande ut øyrene.


Stoppeklokka lyser, ti førti.
Faen, lyser det inni meg.


Ti førti var ei utrulig dårleg tid. Det kom vel forresten an på kor langt ein sprang. Hadde eg sprunge hundre meter, ville det vore ei fantastisk tid. Verdsrekorden på hundre meter er ni femtiåtte. Den beste i Noreg spring distansen på ni nittini. Eg sprang berre litt over halvparten, seksti meter, på ti førti. Det er rundt ein komma sju sekund per meter. For å nå målet mitt må eg ned i eit og eit halvt. Då spring eg seksti meter på akkurat ni sekundar. Eigentleg kunne eg vel sikta høgare, men ni er ei fin tid. Ni blank. Eg har alltid hatt ei greie med fine tal.

Korleis skriv du ei bok?

Eg har drøymd om å bli forfattar så lenge eg kan hugse. I ein alder av 24 har eg likevel aldri skrive nokon lengre tekst enn særemne på vidaregåande. Som ferdig utdanna har eg ikkje eit einaste fag som gjer meg kvalifisert til å skrive noko særleg meir enn masse epostar og kanskje eit blogginnlegg i ny og ne. Eg valde ein annan veg. Men eg vil skrive ei bok. Den treng ikkje vere lang, kanskje berre eit novellehefte. Den treng ikkje verte gitt ut, det er sjølvsagt heilt urealistisk å forvente. Men den skal skrivast. Om så berre som eit endelaust notat-dokument på telefonen. Kanskje ein bunke A4-ark i skuffen.

Så kvar byrjar ein? Korleis veit ein kva historie som er verd å fortelje? Startar historia in medias res eller med ei ti sider lang innleiing? Kanskje eit forord, men skriv ein ikkje forordet først når boka er ferdig? Skriv ein slutten eller byrjinga først? Kan ein bli forfattar på første forsøk? Neppe.

Eg byrjar med å lese. Kva skriv andre om? Eg leser Magnet av Lars Saabye Christensen. Tilværelsens uutholdelige letthet av Milan Kundera. Hva jeg snakker om når jeg snakker om løping av Murakami. Lang, kortare, kortast. Så trener eg på å skrive utan å stoppe opp. Eg skriv eit blogginnlegg om å ville skrive ei bok. Eg skal skrive fleire, eg skal notere ein heil logg, ei heil dagbok. Korleis skriv du ei bok? Kanskje ingen leser, tenkjer eg. Det blir jo dumt. Men det er jo at folk faktisk skal lese det eg skriv som er skummelt. Då er det kanskje greit at ingen leser.

Follow and Like: