On goodbyes

 

Eg hatar at ting tar slutt. Eg er ein person med kjensler i heile meg, heilt ned i det ytterste av tærne, og når eg må ta farvel med noko bra verker det i kvar centimeter. Og eg gruar meg til å ta farvel med Reykajvik. Ikkje fordi eg ikkje vil heim igjen, eller fordi eg ikkje har sakna Bergen og venner og hund og sognefjell. Men fordi eg tar farvel med eit heilt spesielt halvår som eg ikkje får tilbake. På både godt og vondt.

 

Eg har møtt menneske her, oppdaga stader her, kjent meg på rett plass her på ein annan måte enn eg har gjort før. Eg tenkte aldri på at eg kunne bli så knytta til denne staden før eg kom hit. Det skulle vere eit halvtårs eventyr og så tilbake til verkelegheita. Men eventyret vart så verkeleg. Og akkurat no vil eg berre at det skal vare endå litt til.

 

Det kjennes rart at nesten eit år med planlegging, søking, venting og papirfiksing kan renne vekk mellom fingrane i så høg fart. At fem månader kan spolast gjennom, og dei inkluderte ikkje eingong ein pauseknapp. Men kanskje det er akkurat slik det skal vere. Kanskje Island er ein stad eg ikkje skal få nok av heilt endå, kanskje ein stad eg ikkje skal få nok av på lenge.

 

Til sommaren skal eg tilbake, og kanskje ein liten tur litt før den tid også, om eg ikkje klarer å vente. Eventyret treng ikkje vere over sjølv om eg ikkje skal bu her meir. Det er det som er så fint med stader som dette, dei har ein tendens til å vere der når ein kjem tilbake også. Ein treng ikkje seie hadet, men på gjensyn.

 

 

10.12.14
5 Thoughts on
_

Half

 

Eg er omtrent midt i Islandopphaldet. To månadar har gått, og to månader gjenstår. Reykjavik er endå betre på nært hald, ein avstandsforelskelse har blitt ei skikkeleg forelsking. Tida har gått så fort at eg nesten ikkje kan tru det. Eg er ikkje klar for tanken på å reise heim endå. Men heldigvis er det to herleg kalde månader igjen.

 

Den første snøen kom til Reykjavik i natt, alt er litt stillare og mjukare enn vanleg. Eg elskar at det er skikkeleg snø og ikkje halvblaut slaps. Elskar kor lyst alt blir sjølv om mørkret kjem tidlegare enn nokongong. Eg kjem til å sakne å vere utvekslingselev på ei vulkansk øy oppe i nord. Men eg kjenner i heile meg at det ikkje er siste gong eg er her over lengre tid. Ikkje kort tid heller for den slags skuld. Men aller først skal eg ha to fantastiske månader til.

 

 

21.10.14
5 Island, Thoughts on
_

Daydream believer

Untitled

 

 

For litt over to år sidan kom eg til Bergen etter vidaregåande. Hadde ikkje komen inn på Kunsthøgskulen trass i innkalling til intervju og opptaksprøve, og skulle derfor byrje på Norges Kreative Fagskule. Det budde ein pitteliten grafisk designar i magen som hoppa og spratt kvar gong eg gjekk forbi plakatar på gata. Tenk å kunne gå forbi plakatar eg hadde laga. Tenk å få vere festivalgrafikar. Tenk å få jobbe i plateselskap.

 

Seks månader seinare vinn eg ein konkurranse og blir festivalgrafikar for Phonofestivalen.
Elleve månader seinare kjem eg inn på Kunsthøgskulen.
Eit år seinare blir eg designar for plateselskapet Klangkollektivet.
Eit år og fire månader seinare får eg spørsmål om eg vil gjere Phonofestivalen ein gong til.

 

To år seinare sit eg i Reykjavik og lagar scenevisuals til Landmark, nyter eit ferdig Phonodesign og ny profil for for Klangkollektivet.
Ikkje minst har eg gjort fem platecover sidan den gong også. Og hatt foto og illustrasjonar på trykk i magasin.

 

Eg har opplevd å byrje på eit prosjekt som eg ikkje var rett designar for og bli bytta ut. Eg har opplevd å bli spurt om å gjere noko i staden for ein annan designar fordi eg passar betre. Opplevingar som gjer at eg veks enormt. Hadde nokon sagt dette til meg for to år sidan hadde eg berre rista på hovudet. Fordi det er litt utrulig. At den vesle designaren i magen har vokse seg så stor at den fyller heile meg.

 

 

30.09.14
12 Thoughts on
_

Notes 2

 

 

I over ein månad har eg no budd i Reykjavik. Denne heilt nye byen i det heilt nye landet som eg snubla inn i utan så mykje meir enn to koffertar ved mi side. Det høyres kanskje litt einsamt ut for nokon. Litt sprøtt, kvifor eit semester langt oppe i kalde nord utan noko anna mål enn å berre klare seg åleine. Men det er ein enorm skilnad på å vere åleine og på å vere einsam. Ein forskjell eg føler kokar vekk mange gonger. Eg har ikkje vore einsam ein einaste gong sidan eg kom hit. Eg har faktisk vore mindre einsam her enn eg har vore i Bergen mange gonger – men eg har vore meir åleine.

 

Eg gjøymer meg ikkje vekk under ein stein tjuefire timar i døgnet, men eg får ikkje hjartebank av å drikke kaffi åleine eller bruke laurdagskvelden til å ete pizza i senga med ein film. Det er herleg befriande. Det er ein del av å bli vaksen, og ein del av å vere ung. Og eg er rett og slett ganske stolt, for at eg er her heilt på eiga hand og klarer meg betre enn eg i det heile kunne håpa på. Det er viktig for meg å vere åleine. Men sjølvsagt kjem det surfande inn bra folk på ein stad som dette. Utveksling er ei perfekt balanse mellom å møte nye menneske og å møte meg sjølv.

 

 

26.09.14
6 Thoughts on
_

Thoughts on time

Untitled

 

Det kjennes så rart når ein månad forsvinn like fort som ei veke, dagane smeltar saman og når eg ser meg over skuldra innser eg plutseleg kor vanvittig mykje eg har gjort sidan sist eg tok meg tid til å stoppe opp. Det kjennes litt bra og. Når eg ser alt eg har fått til og alt som tok litt lengre tid enn eg trudde og alt som gjekk mykje lettare enn eg hadde rekna med. Blogg høyrer nesten ei annan tid til. Men eg tar den med, den blir med til Island, og den blir med gjennom sommar og jobbing og flytting og planlegging. Det er fint å ha sin vesle internettstad å ta seg tid til.

 

19.05.14
7 Thoughts on
_

Ein lærdom pluss litt til

Dei som følgjer meg på instagram eller har meg i venelista på facebook veit dette allereie, men i vår tok eg eit val. Eg sendte inn søknad og portfolio og sa ikkje noko til nokon. Så fekk eg eit brev i posten der det stod at eg var kalla inn til opptaksprøve. Og ei veke etter opptaksprøva fekk eg eit nytt brev, eg kom inn. Så til hausten byter eg skule. Eg skal studere Visuell kommunikasjon ved Kunst- og Designhøgskulen i Bergen. Bergen Academy of Art and Design.

Det blir annleis, ikkje veldig, men det blir det. Det blir høgare nivå, høgare forventningar, eg må pushe litt meir.

Eg har lært at ein må skape sine eigne mogelegheiter, ikkje berre sitte og vente på dei. Sende den søknaden, delta i den konkurransen, hoppe! Kanskje får ein det ikkje til på første forsøk, men om ein ikkje prøver får ein det i alle fall ikkje til. Ein må opne dørene, tørre å opne dei heilt sjølv, for i dei aller fleste tilfeller er det ingen som opnar dei for deg.

23.07.13
17 Graphic, Thoughts on
_

Ting eg lærte i Italia

Dette innlegget er mitt bidrag i fine Siv sin vesle sommarkonkurranse. Det handlar om her og no, Villa Faraldi og om kjensler som breier seg heilt ned til tærne.

 

Det skulle ein liten landsby i fjellsida i Italia til for at eg skulle forstå kor viktig det er å leve her og no. Eg tenkte jo heile tida at eg allereie gjorde det. For det går jo eigentleg ikkje an å leve i nokon annan tid enn den me er i akkurat no. Men å leve i augneblinken handlar om å ta tankane med. Sansane med. Å klare å finne det vakre akkurat her og ikkje forsvinne inn i det som skal vere om ei veke eller det som var for to dagar sidan.

 

I Villa Faraldi levde eg for første gong akkurat her og no, eller der og då. Akkurat då var det berre meg og brusteinene under føtne. Lukta av kvite klatreblomar. Lyden av brusande oliventrær. Eg hadde all tid å verda, all tid i verda til å kjenne etter. Og når ein kjenner etter, gjer det lenge nok, så finn ein ut av veldig mykje. Kjenner seg sjølv på ny. Og kjenner akkurat kva som er heilt rett. Ned i tærne.

 

I Italia lærte eg kor rett det er for meg å drive med grafisk design. Kor rett det er at eg skal gå på Kunst- og Designhøgskulen til hausten. Kor bra kjærast eg har. Kor viktig det er å ta ting i det tempoet ein trenger. Kor viktig det er å faktisk kjenne etter. At å nyte kvar augneblink som den er utan å flykte, gir meg noko djupare enn berre glede. Kanskje til og med lykke.

 

Som det står på setetrekka til Norwegian; Enjoy your time here. You are almost there.

30.06.13
12 Thoughts on
_

Follow and Like: