Feel

Eg datt av lasset her om dagen. Eg vart vippa av pinnen. Eg har ikkje kontroll meir. Eg er veldig van med å ha kontroll. Vite kva som kjem, kunne planlegge, teikne det ned og vere førebudd på det meste. Men plutseleg måtte eg innsjå at dette er ikkje noko eg kan kontrollere. Eg må sitje og vente, sjå på, for denne gongen er det ikkje eg som bestemmer, og eg kan ikkje gjere noko med det.

________Når eg dett av lasset på den måten gjennomgår eg ei mini-identitetskrise. Kven er eg, kva vil eg, og ikkje minst kva føler eg. Det siste er oftast vanskelegast å svare på. Til å vere eit så kjenslestyrt menneske har eg ofte store vanskelegheiter med å finne ut kva eg eigentleg går og føler på. Grunnen til det er først og fremst at eg prøver å vere noko eg ikkje er. Eg prøver veldig hardt, kvar dag, å la meg styre av tankane, det som er logisk, det eg veit blir best for meg på lengre sikt. Det som er fornuftig. Men ofte er det noko heilt anna enn det eg kjenner.

________Det er vanskeleg å vere så kjenslestyrt. Det er vanskeleg å ikkje vere som eg aller helst vil. Eg skulle ønske eg heile tida kunne ta val med grunnlag i det eg veit blir best, i staden for det kjenslene fortel meg. Kjenslene mine er fyllt med naivt håp om at alt ender bra så lenge ein følgjer hjartet.

________Men så hender det at kjenslene mine har rett likevel. At så lenge eg er meg heilt ut så blir eg lukkeleg til slutt. For sjølv når ting er så vondt at det verker i heile meg, så er eg lukkeleg. Fordi eg gjorde det som var rett. Ikkje fordi det ikkje var feil, men fordi eg hadde ikkje vore meg om eg tok eit anna val. Å vere lukkeleg handlar ikkje om å vere det andre ser på som perfekt. Det handlar om å kjenne seg trygg i seg sjølv. Til og med når ein ikkje har kontroll.

18.03.13
11 Thoughts on
_

Follow and Like: