Week 5 (bonus week)

Untitled
Untitled
52830030
52830029
Untitled

 

Eigentleg skulle eg vere fire veker i Berlin, men klarte å strekke det til fem. Den siste veka flytta eg frå leiligheita i Johanniterstrasse til eit rom med svære vindauger i Gneisenaustrasse. Taket var nesten overveldande høgt og null kjøkken tilgjengeleg – men verkeleg bra takeaway rett rundt hjørnet til skarve 3-4 euro. Skal eg tilbake til Berlin nokongong er dette øverst på lista over stader eg vil bu. Det kjennes litt tomt å ikkje skulle ta U1 til Kotbusser Tor på mandag, fem veker gjekk litt for fort, men det var så verd det.

 

7.02.16
3 Travel
_

23

Untitled

 

Søndag vart eg heile 23 år, drakk øl og åt is i Berlin. 23 vert spanande, eg skal skriva ferdig bachelor og finne ut kva som kjem etterpå. Tankane mine rundt det har gjennomgått litt endringar for tida, kanskje fordi det plutseleg slo meg at eg allereie har funne det eg vil drive med. Eg vil jo tusje plakatar og flytte på tekstboksar og setje saman foto resten av livet. Så no handlar det meir om å snuble ned vegen eg har funne, enn å velje ut kva sti eg burde ta. Så kjem eg vel fram til slutt, sjølv om det vert nokre omvegar.

 

1.02.16
5 Thoughts on
_

Week 3

47780019
47780017
00400024
47780021

 

Snøen forsvann over natta, det kjenns som vår og me drikk øl på veg mellom trykkeri og studio.

 

26.01.16
1 Travel
_

Blank Blank

 

47780014
47780011
47780009
47780015
47780013
47780012
47780016
47780010

 

Her sit eg om dagen. Blank Blank-kontoret er alt ein ønsker seg.

 

24.01.16
0 Bits & bobs, Travel
_

Week 2

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

21.01.16
6 Travel
_

Week 1

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Berlin er kaldt og fint, masse jobb, masse gøy. Har endeleg rota meg til å framkalle filmrullane frå dei to første vekene. Har for det meste tatt bilder av Berlingater, bakgården eg bur i og frosne vasskanalar. Tida flyr, skulle ønske fem veker var mykje lengre.

 

19.01.16
2 Travel
_

Berlin Berlin

 

No flyttar eg altså, til Berlin, for ein liten månad! Med meg har eg berre eitt kamera og alle filmrullane eg fekk plass til, ei lita tysk ordbok, ei lita notatbok det står «schön» på som eg har skrive masse adresser i. Eg har ikkje wifi i den pittevesle leiligheita eg skal bu i, men eg håpar å få framkalla og lagt ut litt bilete undervegs fordeom. Snakkast i Berlin!

 

3.01.16
7 Travel
_

Follow and Like: