Så kom hausten

Untitled
Untitled

Heldigvis er hausten mi favorittårstid.

29.09.13
13 Visual essay
_

Super

Notatbok
Notatbok

Eg prøver å vere litt super for tida. Har tid til litt meir enn vanleg, ryddar tid til meir enn vanleg. Søker jobb og seier ja til alt eg har lyst til, er flink til å svare på mail og skrive ned i planleggingsbøker og notere og kjøpe ting som eg faktisk trenger. Flink til å gjere akkurat passe mykje av alt! Teiknar i notatbøkene mine og kjenner meg som kunststudent på ordentleg i klasserom med store vindauger og høgt tak. Ting er ganske supert.

Teikningane er forresten mulig å kjøpe av meg på Society6 som art print eller pute eller mykje anna rart. Forest green (nummer 1) & Notebook tree (nummer2)

25.09.13
5 Bits & bobs
_

Litt meir Phono

Handlenett
Handlenett
Handlenett
Handlenett
Handlenett

Å vere festivalgrafikar er som ein draum. Eg får gjere alt eg kunne ønska meg på ein gong. Sjølv om handlenettet eigentleg er gamalt nytt fekk eg mitt eige først i dag, og det kjennes så utrulig bra å endeleg sjå det på andre måtar enn bilde på instagram. No skal eg gå rundt med mitt eige design og reklamere. For både meg og Phonofestivalen (som nærmar seg med stormsteg!)

28.08.13
10 Bits & bobs
_

Ein lærdom pluss litt til

Dei som følgjer meg på instagram eller har meg i venelista på facebook veit dette allereie, men i vår tok eg eit val. Eg sendte inn søknad og portfolio og sa ikkje noko til nokon. Så fekk eg eit brev i posten der det stod at eg var kalla inn til opptaksprøve. Og ei veke etter opptaksprøva fekk eg eit nytt brev, eg kom inn. Så til hausten byter eg skule. Eg skal studere Visuell kommunikasjon ved Kunst- og Designhøgskulen i Bergen. Bergen Academy of Art and Design.

Det blir annleis, ikkje veldig, men det blir det. Det blir høgare nivå, høgare forventningar, eg må pushe litt meir.

Eg har lært at ein må skape sine eigne mogelegheiter, ikkje berre sitte og vente på dei. Sende den søknaden, delta i den konkurransen, hoppe! Kanskje får ein det ikkje til på første forsøk, men om ein ikkje prøver får ein det i alle fall ikkje til. Ein må opne dørene, tørre å opne dei heilt sjølv, for i dei aller fleste tilfeller er det ingen som opnar dei for deg.

23.07.13
17 Graphic, Thoughts on
_

Rosa hus & oransje appelsiner. Villa Faraldi gjennom analog linse

Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi
Villa Faraldi

5.07.13
15 Travel, Visual essay
_

Ting eg lærte i Italia

Dette innlegget er mitt bidrag i fine Siv sin vesle sommarkonkurranse. Det handlar om her og no, Villa Faraldi og om kjensler som breier seg heilt ned til tærne.

 

Det skulle ein liten landsby i fjellsida i Italia til for at eg skulle forstå kor viktig det er å leve her og no. Eg tenkte jo heile tida at eg allereie gjorde det. For det går jo eigentleg ikkje an å leve i nokon annan tid enn den me er i akkurat no. Men å leve i augneblinken handlar om å ta tankane med. Sansane med. Å klare å finne det vakre akkurat her og ikkje forsvinne inn i det som skal vere om ei veke eller det som var for to dagar sidan.

 

I Villa Faraldi levde eg for første gong akkurat her og no, eller der og då. Akkurat då var det berre meg og brusteinene under føtne. Lukta av kvite klatreblomar. Lyden av brusande oliventrær. Eg hadde all tid å verda, all tid i verda til å kjenne etter. Og når ein kjenner etter, gjer det lenge nok, så finn ein ut av veldig mykje. Kjenner seg sjølv på ny. Og kjenner akkurat kva som er heilt rett. Ned i tærne.

 

I Italia lærte eg kor rett det er for meg å drive med grafisk design. Kor rett det er at eg skal gå på Kunst- og Designhøgskulen til hausten. Kor bra kjærast eg har. Kor viktig det er å ta ting i det tempoet ein trenger. Kor viktig det er å faktisk kjenne etter. At å nyte kvar augneblink som den er utan å flykte, gir meg noko djupare enn berre glede. Kanskje til og med lykke.

 

Som det står på setetrekka til Norwegian; Enjoy your time here. You are almost there.

30.06.13
12 Thoughts on
_

Cervo

Knappe tjue minuttar frå Villa Faraldi ligg Cervo, middelalderbyen ved havet. Nesten like fredeleg som landsbyen i fjella, og ganske sikkert like vakker. Eg skal skrive mykje meir om Italiaturen, men førebels lar eg berre bildene tale for seg sjølv. Snart er dei analoge rullane ferdig framkalla også, så det er ikkje usannsynleg at det blir mykje Italia her inne i løpet av sommaren. Men aller først skal eg i bryllaup her heime i Noreg, allereie i morgon!

Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo
Cervo

28.06.13
11 Travel
_

Follow and Like: