Ting eg har lyst til å fortelje om

Untitled

I helga var Ingeborg var på besøk, så me gjorde omtrent alt ein kan gjere i Bergen. Kafé og Fløien og Nordnesparken og endå meir Kafé og det var faktisk skikkeleg vår! Laurdagen dansa me på Østre og på Landmark og det kjendes som heile helga var full av menneske fordi eg har møtt så mange og funne på så mykje.

På fredag publiserte Phono si nye nettside (eg var med å lage småting til designet men ikkje sjølve sida) så plutseleg hadde eg litt meir å gjere ein torsdagskveld enn eg rekna med. Men det er så gøy at det gjer ingenting. Om nokon lurer litt på kva Phonofestivalen er så kan ein no klikke seg inn på phonofestivalen.no og sjå!

Laurdagsnatt hang plutseleg teaserplakaten min ute i byen, og det var kjemperart å sjå den fordi den var ikkje heilt som eg hadde tenkt, men så fann eg ut at den såg mykje mykje betre ut i ikkje-nattelys.

Og så har skikkeleg mange slengt ut kompliment om Phonodesignet i det siste. Ingenting gjer meg gladare no eigentleg.

Eg er kjempedårleg til å ta bilder for tida sjølv om det endeleg er mogeleg å ta bilder i vårlys som eg har gleda meg til så lenge. Eg er berre grafisk designar for tida og ingenting fotograf. Eg skal bli betre til å vere begge deler.

15.04.13
10 Bits & bobs
_


  1. June sier:

    Såg plakaten på studentsenteret i går, og tenkte på deg! Den er kjempefin :-) Du er så flink!

  2. regndrope sier:

    ååå, liker den! du er så flink.

  3. Milla sier:

    flinke Johanne *stående applaus pluss the wave*

    <3 <3 <3

  4. werothehero sier:

    er så stolt av deg! superflinka. av og til må man prioritere litt annereledes. fremover må jeg være mer en syerske enn en fotograf.

  5. Synne sier:

    Det må være skikkelig drøyt å se sitt eget design henge rundt i gatene! Hurra for det!

  6. Kjersti sier:

    Tøft med plakat i byn. Klem Gysten, mamma og pappa

  7. Amanda sier:

    Jeg synes designet du skaper til Phono er sykt kult! Designstilen din er så fin (:

  8. Katrine Ü sier:

    Så kult at plakatene er begynt å prege bybildet :D Det må være gøy å se verket sitt sånn i gatene, da er det liksom enda mer «på ordentlig» eller hva jeg skal si, hehehh :D

  9. Siv sier:

    Jeg synes du er super – superJohanne!!! Er stolt, jeg. Du er så flink! Og jeg skal se på sida, wii!

Trackbacks
Check out what others are saying...
  1. […] om den er svartkvitt eksploderer den med fargeminner og vakre Bergen. Byrjar med helg nummer ein (som eg allereie har fortald litt om her) og Ingeborg som kom med tog frå […]



Leave a comment




Follow and Like: