1-2: Reykjavík 3: graffiti-oppslag i BA 4: a romantic boy 5: Dimmu Borgir (staden, ikkje bandet altså) 6: No. 1 girls 7: Krafla
7.05.16
3
Bits & bobs
_
I går henta eg magasinet som høyrer til bacheloroppgåva mi på trykkeri i Årdal, det er no akkurat ei veke til eg er ferdig! I heile dag har eg kutta ut små ruter i framsida og delt opp bussetestoff som skal vere med i coveret. Eg finn trykkleif og vert irritert på meg sjølv for å ikkje ha trippelsjekka, men i denne visuelle delen er det heldigvis designet som teller. Det er framleis litt igjen, men det er så nære så nære. Eg har faktisk skrive ein heil liten bachelor om busseter. Det er eg ganske nøgd med.
Fire døgn, 1 500 km. Eg har så mykje bilder som eg skal sortere og hygge meg med over ein kopp kaffi søndag morgon. Men ein liten smugstart kjem her, frå det geotermiske området Krafla nær Myvatn. Island er det vakraste eg veit.
Måndag til fredag kjøyrer me Keflavík > Vík > Djúpivogur > Akureyri > Reykjavík pluss sjølvsagt alt mellom. Nesten heile kysten rundt Island på fem dagar. Følg meg på instagram @johanneka for jamnlege småoppdateringar og litt ekstra Island i feeden din, elles kjem det meir tips + triks her inne også.
15.04.16
1
Bits & bobs
_
Ein siste titt på nokre av møbelfotografia for Stine Aas. Eg skal tørre å vere meir fotograf framover, av ein eller annan grunn la eg det i den støvete hobbyskuffen når eg byrja på KHiB fordi eg kjende at eg burde fokusere på kun grafisk design. Men eg elskar begge deler for mykje til å ikkje halde det ved liv.
10.04.16
5
Bits & bobs
_
Etter timar med fotografering og redigering er eg faktisk sliten, eg forsvinn og gløymer alt rundt meg når eg arbeider så intensivt – men det er verkeleg ei god kjensle også. Her er nokre av dei ferdige fotografia for møbeldesignar Stine Aas! No er dei på veg til Milano for å vise seg fram på designveka.
6.04.16
3
Bits & bobs
_