Að eilífu

 

Sommaren har vore lang, men plutseleg kort no når den snart er over. Som eit sideprosjekt bestemde eg meg for å oppdatere eit gamalt skuleprosjekt, ei fanzine om skumring på Island og om forelskelse som vert besettelse. Trykka i pantonegrøn og pakka inn i plastikk, den blir del ein av to. Heilt unyttig, men ei god øving i å formidle visuelt det som finns inni meg. Så kanskje ikkje heilt unyttig likevel.

 

31.07.16
0 School projects
_

Berre Reykjavík

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Island rundt på fem dagar: Dag 1 / Dag 2 / Dag 3 / Dag 4 og til sist ein kikk innom den vakre byen i den røykfylde vika.

 

10.07.16
2 Island, Reykjavík
_

Island rundt dag 4: Akureyri ⟶ Reykholt ⟶ Deildartunga ⟶ Reykjavík

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

10.07.16
0 Island
_

Island rundt dag 3: Djúpivogur ⟶ Myvatn ⟶ Akureyri

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

4.07.16
3 Island
_

Muted colours

Untitled

Det nyaste tilskotet i Chain Wallet-coversamlinga er Muted Colours, sei hei!

21.06.16
0 Graphic
_

Island rundt dag 2: Vík ⟶ Jökulsárlón ⟶ Djúpivogur

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

21.06.16
5 Island
_

Around the corner

Untitled

Dei siste åra på Kunst- og designhøgskolen har eg brukt mykje tid på å lure på kva som eigentleg skal skje no. Så det kjennes litt rart å plutseleg vere her. 23 år, ferdig med bachelorgrad i visuell kommunikasjon, ein tåkelagd sti framover eller kva no enn som dukkar opp til ein nyutdanna grafisk designar. Det spørsmålet eg får kanskje aller mest er om det eigentleg går an å leve av grafisk design. Etter kvart byrjar ein å stille seg sjølv same spørsmål.

 

Utan å få svar.

 

Skulle eg flytte tilbake til Reykjavik, ta ein master og utsette tomheita eit par år til, få meg ein halvrelevant jobb eller eit trongt freelancekontor med tynne pappveggar. Ein ombestemmer seg liksom tre gonger for dagen minst. Men for eit halvt år sidan vart eit val tatt. I byrjinga kjendes det litt framand, som når ein planlegg å reise saman til sommaren men innerst inne veit at det aldri vert noko av. Berre at denne gongen vert det noko av.

 

Me blir til eit heilt lite AS; Hanne, Aurora og meg. JAHJAH (for Johanne Aurora Hanne sjølvsagt) og me skal ha eit pittelite kontor med sjølvkonstruert arkitektskuffe-sofa og kaffitraktar i vinduskarmen.

!!!

 

(det kjem meir om dette framover altså)

22.05.16
7 Thoughts on
_

Follow and Like: