
If you don’t know; you know, you know?
2.02.14
6
Visual essay
_
I dag er eg 21 år! Eg skal ete ute og gå med cæps og feire heilt til det ikkje er bursdagen min lengre og endå litt til. Det blir den beste bursdagen eg har hatt på lenge! Stova vår er snudd på hovudet og alt er klart for ein minnerik kveld stappa med bra folk til taket.
31.01.14
14
Bits & bobs
_
Mangemange lysår vekke. Likevel når dei kameraet mitt. Elskar å ta bilder av stjerner, i natt var eg ute med stativ og fullformat. Då gløymer ein alt anna i heile universet.
30.12.13
13
Bits & bobs
_
Gjorde du noko i 2013 som du aldri har gjort før?
Eg tok fly heilt åleine for første gong, både innland og utland, og så var eg jo festivalgrafikar!
Gjorde du nokon stor forandring?
Våren 2013 bestemde eg meg for å søke på Kunst- og Designhøgskulen i Bergen, og same haust sa eg farvel til Norges Kreative Fagskole og byrja der i staden. Ganske stor endring, men ei veldig god endring.
Vart nokon av vennene dine foreldre i år?
Ja! Både i januar og april.
Kva dato frå 2013 kjem du alltid til å hugsa?
20. februar! Dagen eg fekk mail der det stod «Ditt bidrag var kreativt, og du har en spennende teknikk, derfor ønsker vi i Phonostyret å tilby deg stillingen som festivalgrafiker.»
Kva for land besøkte du?
Polen, Italia, Danmark.
Beste kjøpet?
Den enorme sekken eg får plass til alt eg trenger i.
Gjorde noko deg skikkelig glad?
2013 har vore det gladaste året i mitt 20 år lange liv. Eg har for det meste vore skikkeleg glad, og hatt veldig mykje å vere skikkeleg glad for.
Mangla noko frå 2013 som du vil ha i år 2014?
Endå fleire betalte designoppdrag please.
Kva skulle du ønska du gjorde meir?
Skulle ønska eg brukte meir tid på å prøva å læra meg Photoshop.
Kva skulle du ønska du gjorde mindre?
Stressa!
Kva er ditt største framskritt på jobben i 2013?
I løpet av året har eg fått jobb som Festivalgrafikar for Phono (2014 også, hold dykk fast!), Grafisk Designar for plateselkapet Klangkollektivet og Designansvarleg for Studentradioen i Bergen. Det er eit ganske stort steg fram frå ingenting.
Ditt største framskritt privat?
Eg er stolt over det eg gjer! Hurra!
Noko du ønska deg og fekk?
Fullformatskamera!
Finst det noko som hadde gjort året ditt enda bedre?
Nei, då hadde det nok eksplodert av for mykje bra greier.
Dei beste nye menneska du møtte?
Fekk ein heilt ny klasse proppfull av bra menneske på KHiB, og via jobb og diverse tilfeldigheiter har eg i år vorte kjend med mange fleire enn eg kan hugse eg har gjort nokongong. Så heldig eg er!
Kva er du mest stolt over?
Phonofestivalen.
Høgaste ønsket akkurat no?
At utvekslingssøking for 2014 går smooth og at eg problemfritt kan ta meg eit semester på Island!
Kva tenkjer du å gjera annleis neste år?
Gjera endå meir av akkurat det eg har mest lyst til og litt mindre av det eg har sånn halvhjarta lyst til. Bekymra meg mykje mindre og tenkja at det eg gjer er bra i staden for å vera usikker på det heile tida.
Via hjartesmil
25.12.13
7
Bits & bobs
_
På sjølvaste julafta flytter eg inn i ny internettheim. Er ganske nøgd med det igrunn! Creativo vart Mon Dieu, og i same slengen vart Tenkepauser til Bergteken meir på ordentleg. Som alltid enorm takk til Luca som fiksar og ordnar design! Bloglovin-følgjarar blir automatisk flytta over, men om ein følgjer meg på anna vis må ein hugse å byte url eller rett og slett byrje å følgje meg på facebook.
Velkommen til ny blogg! Og håpar alle har ei skikkeleg bra jul!
24.12.13
8
Bits & bobs
_
Eg har hatt lyst til å endre namn på bloggen min lenge. For det første fordi «tenkepauser» ikkje er nynorsk eingong. Og eg er heilt klårt ein nynorsk-bloggar. For den andre er det ein url som eg har brukt sidan eg starta blogg for lenge lenge sidan, ikkje spesielt gjennomtenkt i det heile. Samstundes ville eg vente med å endre adresse til eg var heilt sikker på kva eg ville endre det til, for det er ein liten prosess knytta til det der med flytting.
Men no tar eg eit lite steg, eg endrar namnet men ikkje adressa. Adressa kjem etter seinare ein gong, eg eg seier sjølvsagt frå når det skjer! Men så kan ein bli litt van med det nye namnet før ein hoppar i det også.
Bergteken.
Eg rota det fram frå eit fjernt minne om eit skodespel eg var med på som førsteklassing. Historia om Brita frå Undredal som blir bergteken av huldrene og aldri kjem tilbake. (for spesielt intresserte fann eg til og med bilete frå det heile på Aurland.com)
Men ordet bergteken betyr for meg å bli fjetra, rive med av noko vakkert. Det er eit klingande ord, og det representerer det eg vil at bloggen min skal vere. Så då blir det vel ikkje så mykje betre, det er akkurat eit slikt namn eg ville ha. Så passar det jo bra at eg kjem frå høge Sogn med sine høge berg og djupe dalar og med huldresoger og heile pakken. Velkommen, håpar du blir bergteken! Det vert vel bra.
Var berre det eg ville seie!
16.10.13
18
Bits & bobs
_
Den siste tida har me drive med karakterutvikling på KHiB, og i den samanheng henta eg fram ein av figurane som har betydd så enormt mykje for meg i oppveksta, Albert Åberg og ikkje minst Pappa Åberg. Pappaen til Albert er nemleg heilt lik min eigen pappa, med pipe og (mangel på) hårmanke og det heile. Tykkjer illustrasjonane er fantastiske, endå betre enn eg hugsa dei. Kanskje fordi ein får augene opp for slikt når ein vert eldre.
1.10.13
11
Bits & bobs
_