Black beach + white glacier

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Island-sørkyst i vinterdrakt. Eg vert aldri mindre fasinert av kontrasten den svarte lavagrunnen på denne øya gir. Kolsvart sand, stein, klipper. Endå svartare verker dei saman med krittkvit snø og bølgjeskum, ein finn ikkje landskap som dette kvar som helst. Island, du er så vakker!

 

Hugs å legge igjen ei stemme til meg her om du har tid, to klikk!

 

 

19.12.14
6 Island, Visual essay
_

Goodbye Listaháskóli

Untitled
Untitled
Untitled

 

Fredag var min siste dag på Listaháskóli. Klassen rigga opp til semesterets siste framføring av prosjekt før me pakka alt saman igjen og tok juleferie. Det kjendes litt rart å kaste alle kaffipappkrusa og pakke saman skissebøkene og forlate klasseromet ein aller siste gong. Litt ekstra tomt, til tross for havet av papir og prints og utstyr og potteplanter. Men så godt det kjennes å ha klart det! Eg har utveksla til Island!

 

 

14.12.14
3 School projects
_

VBA

Untitled

↑ Foto: Erick Kjellevold

 

I år som i fjor er eg semifinalist i Vixen Blog Awards, årets fotoblogg! Og sjølvsagt blir eg superglad om du vil gå inn og stemme på meg her. Eg er ho med det grøne bildet. Sida ser ikkje ut til å fungere ordentleg i Google Chrome for augneblinken, men eg reknar med det ordnar seg – til då kan ein berre opne i kva som helst anna nettlesar.

 

 

13.12.14
4 Bits & bobs
_

Iceland

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Island er skikkeleg island for tida, med snø og bitande vindar – og eg tykkjer det er helit supert. Eg kryssa fingrane for skikkeleg desembervær før eg skulle heim igjen, og det har eg verkeleg fått. Med det kvite teppet kom mykje av dagslyset tilbake, dette fantastiske mjuke vinterlyset med skumringa lurande rundt hjørnet. Snøen legg seg i håret og i jakkelommene som små perler som ikkje vil smelte heilt endå. Så får ein heller tåle litt vind – det er jo tross alt Island.

 

 

11.12.14
7 Island, Visual essay
_

On goodbyes

 

Eg hatar at ting tar slutt. Eg er ein person med kjensler i heile meg, heilt ned i det ytterste av tærne, og når eg må ta farvel med noko bra verker det i kvar centimeter. Og eg gruar meg til å ta farvel med Reykajvik. Ikkje fordi eg ikkje vil heim igjen, eller fordi eg ikkje har sakna Bergen og venner og hund og sognefjell. Men fordi eg tar farvel med eit heilt spesielt halvår som eg ikkje får tilbake. På både godt og vondt.

 

Eg har møtt menneske her, oppdaga stader her, kjent meg på rett plass her på ein annan måte enn eg har gjort før. Eg tenkte aldri på at eg kunne bli så knytta til denne staden før eg kom hit. Det skulle vere eit halvtårs eventyr og så tilbake til verkelegheita. Men eventyret vart så verkeleg. Og akkurat no vil eg berre at det skal vare endå litt til.

 

Det kjennes rart at nesten eit år med planlegging, søking, venting og papirfiksing kan renne vekk mellom fingrane i så høg fart. At fem månader kan spolast gjennom, og dei inkluderte ikkje eingong ein pauseknapp. Men kanskje det er akkurat slik det skal vere. Kanskje Island er ein stad eg ikkje skal få nok av heilt endå, kanskje ein stad eg ikkje skal få nok av på lenge.

 

Til sommaren skal eg tilbake, og kanskje ein liten tur litt før den tid også, om eg ikkje klarer å vente. Eventyret treng ikkje vere over sjølv om eg ikkje skal bu her meir. Det er det som er så fint med stader som dette, dei har ein tendens til å vere der når ein kjem tilbake også. Ein treng ikkje seie hadet, men på gjensyn.

 

 

10.12.14
5 Thoughts on
_

Juleklang

 

Juleklang

 

Plutseleg var det desember og tid for julekalendar-design. Kalendaren er eit samarbeid med Klangkollektivet og Robotbutikken i Bergen, kvar søndag i advent dukkar det opp eit nytt bra tilbod. Desember har alltid vore så langt fram i tid, heile opplegget tok meg litt på senga! Men det blir ein bra månad.

 

 

9.12.14
1 Graphic
_

Sunday

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Søndagar er til for kafé og ikkje så mykje anna, og denne søndagen var akkurat sånn. Me åt frukost og drakk kaffi lenge. Gjennoppdaga Harpa ved havna. Tok bilete i vinterlyset så lenge det vara, for no er det ikkje så mange timar med dagslys att her oppe. Har gløymd vekk kvardagsfotograferinga litt dei siste månadane, det var godt å ha kameraet med over skuldera igjen. Lova meg sjølv å passe på å dokumentere Reykjavik litt betre, både for den planlagde guiden og mi eiga skuld.

 

 

Follow and Like: