Ísland

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Det tok litt tid, men så kom saknet. Saknet etter det halvåret som forsvann litt for fort. Det er tomt ein stad eg ikkje veit heilt kvar er, ein stad eg ikkje visste fanns. Men det er vel slik ein veit at det var verd det. At det var eit bra halvår, at eg fekk igjen for alle timar med søknadskriving og planlegging. Så gjeld det berre å gjere Bergen til mitt neste eventyr.

 

 

18.01.15
5 Thoughts on
_

GIG

 

 

Untitled

 

 

Untitled

 

Nyleg har eg blitt hanka inn som designar for eit samarbeidskonsept mellom Griegakademiet og Vestnorsk Jazzsenter, konsertserien GIG-akademiet. Dette blir første plakat + logo for serien. Har litt grafisk-greier på lur som snart kan visast fram, kjennes bra å ha tid til å freelance litt.

 

 

17.01.15
5 Graphic
_

Birthday

Ganske snart har eg bursdag, og i år har eg vore flink til å spare på ting som eg ønsker meg – for dei har ein tendens til å forsvinne når folk spør.

Untitled
La Garçonne E-gift card
La Garçonne er favorittnettbutikken min, dei har alltid det eg ser etter i kvaliteten eg ynskjer. Eit gåvekort der er ein sikker vinnar, for eg får alltid brukt det til noko bra. Det varer i fem år også, så om eg ikkje vil ha noko med ein rasande gong er det mogeleg å ha det på lur.

 

Untitled
Designing Design & White av Kenya Hara
Kenya Hara er ein japansk grafisk designar – mest kjend som art director for Muji og arbeidet han gjorde for OL i Nagano 1998. Han har skrive to bøker om grafisk design, og eg ynskjer meg begge.

 

Untitled
Abonnement: Kinfolk & The Gentlewoman
Magasin-abonnement er noko som varer gjennom året, og både Kinfolk og The Gentlewoman er magasin eg plar tillate meg sjølv å kjøpe når det kjem ut uansett. Å få dei rett i postkassa er ikkje å forrakte!

 

 

15.01.15
1 Bits & bobs
_

2015

Untitled

 

Velkommen 2015! Det er mykje å få orden på etter eit halvt år på Island, men no byrjar sorteringa av både tankar og ting å komme på plass. Eg har fått litt godt nytt på nyåret, som at eg skal få vere med på Phono 2015 (mitt tredje år), at Griegakademiet gjerne vil gje meg litt pengar i byte mot konsertplakatar og at eg karra meg vidare til finalen i Vexen Blog Awards. Klesskapet er utrenska og flyttekassene klare til å bli med til Bergen igjen. 2015 har mykje spanande på lur, eg gler meg!

 

 

9.01.15
0 Bits & bobs
_

Norræna húsið

_MG_4531
_MG_4528
_MG_4533
_MG_4532
_MG_4536

 

Dette er bilde av eit av mine favorittbygg i Reykjavik: Norræna húsið, teikna av Alvar Aalto på sekstitalet. Hit pleide eg å ende opp på søndagsturar med kamera over skuldra. Min siste dag i byen gjekk eg også hit for å forevige synet i vinterlys.

 

Etter julefeiring heime i Sogn reiste me i går til hytta på austlandet. Her er det internett sånn når det passar seg, straum på solcellepanel, kvite busker og varme peisar. Akkurat det ein treng etter fleire dagar på reis med flyttelass. Om internett tillét dukkar det opp litt Island-bilder i romjula, i januar skal eg i alle fall få framkalla dei analoge – det gler eg meg til!

 

 

26.12.14
3 Reykjavík
_

Weekend

Island kan vere eit litt tricky land å oppleve om ein ikkje har vore her før og ikkje veit heilt kva ein vil prioritere. Som ei slags julegåve og guide-start har eg satt opp eit mini weekend-forslag som eg sjølv ville ha brukt om eg kom til Reykjavik for berre ei helg. Tilpassa dei sertifikat-lause som meg sjølv. God jul!

 

Untitled
Untitled

 

Ankomst: bydag

Reykjavik er ein pitteliten by, og om ein vandrar ned hovudgata har ein igrunn fått med seg det viktigaste. Hopp innom Kiosk for islandsk klesdesign, GK Reykjavík, Maja, Spútnik, Geysir og Aftur om shoppinghummøret er der, og ta ein kaffi på Reykjavik Roasters før du sjekkar ut Halgrimskirkja på toppen av byen. Lunsj på Babalú eller Sundholt, middag på Grillmarknaden eller Gandhi (indisk). Gå langs havna og sjekk ut Harpa for arkitektur, og på vegen kan ein gjerne hoppe innom Reykjavik Art museum.

 

 

Kort tur: Reykjanes / Golden Circle

Mange tenkjer at ein absolutt må ta golden circle-turen og få med seg geysir, gullfoss etc. men: (til tross for at det er ein vakker tur) om du har begrensa tid ville eg ha prioritert å sjå Reykjanes-kysten. Det er kanskje min favorittstad. Og om du er up for it finns det ein kombinasjonstur der ein får begge deler! Resten av dagen bør gå til bykveld, heimekino med pizza frå Eldsmidjan og oppladning til langtur. Ta med deg badedrakta til Sundhöll for litt oldschool svømmebasseng-feel og utandørs avslapning i varme kjelder.

Reiser: Golden Cricle, Reykjanes eller Ja takk, begge deler!

 

 

Untitled
Untitled

 

Lang tur: Snæfelsnes / sørkysten

Turen går anten sørover eller nordover, og det er nesten heilt umogeleg for meg å velje ein favoritt. Turane er like lange, kostar om lag det same, og inkluderer begge heilt unike kystlandskap. Om du reiser sørover får ein svarte lavasandstrender, fossar og isbre, om du reiser nordover får du små kystbyar, fjell og fugleliv.

Reiser: South coast, Snæfellsnes

 

 

23.12.14
5 Island, Reykjavík
_

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

I dag er min siste dag i Reykjavik, i morgon tidleg flyr eg heim til Noreg. Eg har fått sett Island frå alle sider mogeleg, sommar haust og vinter, vulkanutbrot, storm, boblande geysirar og rykande mosehaugar. Alt eg drøymde om og litt til. Med meg i kofferten har eg også sju filmrullar oppbrukt med Hasselblad, så dette betyr ikkje slutten for Island-bilder, langt ifrå. Eg kjem til å sakne deg, Reykjavik!

Takk fyrir mig. Sjáumst seinna.

 

 

20.12.14
4 Island
_

Follow and Like: