Daydream believer

Untitled

 

 

For litt over to år sidan kom eg til Bergen etter vidaregåande. Hadde ikkje komen inn på Kunsthøgskulen trass i innkalling til intervju og opptaksprøve, og skulle derfor byrje på Norges Kreative Fagskule. Det budde ein pitteliten grafisk designar i magen som hoppa og spratt kvar gong eg gjekk forbi plakatar på gata. Tenk å kunne gå forbi plakatar eg hadde laga. Tenk å få vere festivalgrafikar. Tenk å få jobbe i plateselskap.

 

Seks månader seinare vinn eg ein konkurranse og blir festivalgrafikar for Phonofestivalen.
Elleve månader seinare kjem eg inn på Kunsthøgskulen.
Eit år seinare blir eg designar for plateselskapet Klangkollektivet.
Eit år og fire månader seinare får eg spørsmål om eg vil gjere Phonofestivalen ein gong til.

 

To år seinare sit eg i Reykjavik og lagar scenevisuals til Landmark, nyter eit ferdig Phonodesign og ny profil for for Klangkollektivet.
Ikkje minst har eg gjort fem platecover sidan den gong også. Og hatt foto og illustrasjonar på trykk i magasin.

 

Eg har opplevd å byrje på eit prosjekt som eg ikkje var rett designar for og bli bytta ut. Eg har opplevd å bli spurt om å gjere noko i staden for ein annan designar fordi eg passar betre. Opplevingar som gjer at eg veks enormt. Hadde nokon sagt dette til meg for to år sidan hadde eg berre rista på hovudet. Fordi det er litt utrulig. At den vesle designaren i magen har vokse seg så stor at den fyller heile meg.

 

 

30.09.14
12 Thoughts on
_


  1. JULIE AS sier:

    Du er så utrolig flink og dyktig, Johanne! Stå på!

  2. Kjersti sier:

    Tid for seg sjølv gir rom for ettertanke. Tid til dei lange tankane i livet. Dei har du funne. Klem

  3. susanne sier:

    så utruleg fint! masse lukke til vidare!
    (blir så inspirert av å lese dette her åååh)

  4. Amanda sier:

    Du er så utrolig flink! Alt du designer ser så bra ut! :D

  5. Irene sier:

    Så fint, og knall bra jobba, slikt kjem ikkje av seg sjølv! Stå på og lukke til vidare :)

  6. Sunniva sier:

    Det er så gøy at du får det til, Johanne, men du er jo så flink at det er ikke så rart :)

  7. Ragnhild sier:

    Å så sterkt å lese!!! Blir veldig imponert over deg :) Du gir trua på eit godt liv der ein gjer det ein elskar!

  8. Kristine sier:

    Herlig! Det er veldig artig å få se arbeidet ditt òg. :) Lykke til videre!

  9. Synne sier:

    Det er inspirerende og intenst hyggelig når fine, flinke folk gjør det bra! Jeg blir glad, Johanne!

  10. Siv sier:

    STOLT! Du e rååå!

Leave a comment




Follow and Like: