6.02.17
0
Travel, Visual essay
_
Ein siste rest av februar-Berlin, minusgrader, lange dagar og endå lengre netter. Lengtar litt ut, kanskje til Berlin, mest til Island. Det er snart på tide å bruke opp det flybillett-gåvekortet eg fekk i bursdagsgåve.
do you read me?!
Auguststr. 28
Magasin frå golv til tak. Mykje internasjonalt, mykje bra.
Motto
Skalitzer Str. 68
Fanziner, bøker, musikk, magasin.
Jet Foto
Dircksenstr. 89
Her framkalla eg film medan eg budde i Berlin, eigentleg kan ein vel framkalle film på kvart gatehjørne omtrent men her gjekk det sjukt kjapt til ein ok pris.
Modulor
Prinzenstr. 85
THE art supply store. Dei har alt ein i det heile tatt kunne drøymd om at eksisterte.
Weinmeisterstrasse / Mulackstrasse / Münzstrasse (Mitte)
Om ein vil gå i koslege gater med ein takeawaykaffi og drøyme litt matrealistisk.
Dussmann
Friedrichstr. 90
Dette var redninga frå ein månad utan internett. Fem etasjar med bøker, film og musikk.
Voo / Companion Coffee
Oranienstr. 24
Sjukt fint lokale, prøverom, utval av klær / bøker / nips. Dyrt.
Nano Kaffee Berlin
Dresdener Str. 14
Too fancy too good.
A. Horn
Carl-Herz-Ufer 9
Dette låg rett ved den første leiligheita eg budde i, dei serverer den beste skåla med yoghurt og müsli eg har ete. Åt frukost her kvar gong eg hadde tid. (som eg skulle ønske var oftare)
b, c & c
Mehringdamm 66
Rett ved bustad nummer to, best hangoversmotthies.
Mehringdamm
Ei gatestrekke med super takeaway. Inkluderer den berømte Curry 36.
Sameheads
Richardstraße 10
Her var B.L.A.D.-releasefesten, kjennes som ekte berlinsk undergrunn med grottekjellar og glitter i taket.
Analoge fotoautomatar
Ein finn dei litt over alt, ha småeuros klar! Men om ein ikkje har tid til å passere ein tilfeldig, her er eit kart over ganske mange av dei: http://www.photoautomat.de/standorte.html
Eigentleg skulle eg vere fire veker i Berlin, men klarte å strekke det til fem. Den siste veka flytta eg frå leiligheita i Johanniterstrasse til eit rom med svære vindauger i Gneisenaustrasse. Taket var nesten overveldande høgt og null kjøkken tilgjengeleg – men verkeleg bra takeaway rett rundt hjørnet til skarve 3-4 euro. Skal eg tilbake til Berlin nokongong er dette øverst på lista over stader eg vil bu. Det kjennes litt tomt å ikkje skulle ta U1 til Kotbusser Tor på mandag, fem veker gjekk litt for fort, men det var så verd det.
Snøen forsvann over natta, det kjenns som vår og me drikk øl på veg mellom trykkeri og studio.
Her sit eg om dagen. Blank Blank-kontoret er alt ein ønsker seg.
24.01.16
0
Bits & bobs, Travel
_