På sjølvaste julafta flytter eg inn i ny internettheim. Er ganske nøgd med det igrunn! Creativo vart Mon Dieu, og i same slengen vart Tenkepauser til Bergteken meir på ordentleg. Som alltid enorm takk til Luca som fiksar og ordnar design! Bloglovin-følgjarar blir automatisk flytta over, men om ein følgjer meg på anna vis må ein hugse å byte url eller rett og slett byrje å følgje meg på facebook.
Velkommen til ny blogg! Og håpar alle har ei skikkeleg bra jul!
24.12.13
8
Bits & bobs
_
Eg har hatt lyst til å endre namn på bloggen min lenge. For det første fordi «tenkepauser» ikkje er nynorsk eingong. Og eg er heilt klårt ein nynorsk-bloggar. For den andre er det ein url som eg har brukt sidan eg starta blogg for lenge lenge sidan, ikkje spesielt gjennomtenkt i det heile. Samstundes ville eg vente med å endre adresse til eg var heilt sikker på kva eg ville endre det til, for det er ein liten prosess knytta til det der med flytting.
Men no tar eg eit lite steg, eg endrar namnet men ikkje adressa. Adressa kjem etter seinare ein gong, eg eg seier sjølvsagt frå når det skjer! Men så kan ein bli litt van med det nye namnet før ein hoppar i det også.
Bergteken.
Eg rota det fram frå eit fjernt minne om eit skodespel eg var med på som førsteklassing. Historia om Brita frå Undredal som blir bergteken av huldrene og aldri kjem tilbake. (for spesielt intresserte fann eg til og med bilete frå det heile på Aurland.com)
Men ordet bergteken betyr for meg å bli fjetra, rive med av noko vakkert. Det er eit klingande ord, og det representerer det eg vil at bloggen min skal vere. Så då blir det vel ikkje så mykje betre, det er akkurat eit slikt namn eg ville ha. Så passar det jo bra at eg kjem frå høge Sogn med sine høge berg og djupe dalar og med huldresoger og heile pakken. Velkommen, håpar du blir bergteken! Det vert vel bra.
Var berre det eg ville seie!
16.10.13
18
Bits & bobs
_
Den siste tida har me drive med karakterutvikling på KHiB, og i den samanheng henta eg fram ein av figurane som har betydd så enormt mykje for meg i oppveksta, Albert Åberg og ikkje minst Pappa Åberg. Pappaen til Albert er nemleg heilt lik min eigen pappa, med pipe og (mangel på) hårmanke og det heile. Tykkjer illustrasjonane er fantastiske, endå betre enn eg hugsa dei. Kanskje fordi ein får augene opp for slikt når ein vert eldre.
1.10.13
11
Bits & bobs
_
Eg prøver å vere litt super for tida. Har tid til litt meir enn vanleg, ryddar tid til meir enn vanleg. Søker jobb og seier ja til alt eg har lyst til, er flink til å svare på mail og skrive ned i planleggingsbøker og notere og kjøpe ting som eg faktisk trenger. Flink til å gjere akkurat passe mykje av alt! Teiknar i notatbøkene mine og kjenner meg som kunststudent på ordentleg i klasserom med store vindauger og høgt tak. Ting er ganske supert.
Teikningane er forresten mulig å kjøpe av meg på Society6 som art print eller pute eller mykje anna rart. Forest green (nummer 1) & Notebook tree (nummer2)
25.09.13
5
Bits & bobs
_
Å vere festivalgrafikar er som ein draum. Eg får gjere alt eg kunne ønska meg på ein gong. Sjølv om handlenettet eigentleg er gamalt nytt fekk eg mitt eige først i dag, og det kjennes så utrulig bra å endeleg sjå det på andre måtar enn bilde på instagram. No skal eg gå rundt med mitt eige design og reklamere. For både meg og Phonofestivalen (som nærmar seg med stormsteg!)
28.08.13
10
Bits & bobs
_
Tysdag jobba eg aller først med Phono, var på møte og skreiv ned og planlagde og fann løysingar. Det er kjempespanande, for det er faktisk ikkje så mykje igjen. Det viktigaste gjenstår å trykkast, men det skjer ikkje før til hausten, som gjer at eg har god tid til pirking og planlegging.
Så etter møtet laga me taco, eg og Erick.
Så gjekk me til byen i sola og eg måtte stoppe opp og ta litt bilder av hus med sol på.
Og til sist sat me på golvet på Landmark og høyrde på Shugo Tokumaru og det var skikkeleg skikkeleg bra.
8.05.13
9
Bits & bobs
_
Eg er blitt sjuk, forkjøla under ullteppe. Så eg tenkte at akkurat no kunne de ta å skrive litt i staden! Det kan vere kva som helst, så langt som helst, så kort som helst. Kanskje kva is du likar best eller kva du skal til neste år.
Ein to tre:
30.04.13
17
Bits & bobs
_