Bursdag! Og B for Byredo. Fekk i bursdagsgåve av kjærast, no luktar eg krydderblome og bark. 22 år, eit fint tal.
3.02.15
7
Bits & bobs
_
Ganske snart har eg bursdag, og i år har eg vore flink til å spare på ting som eg ønsker meg – for dei har ein tendens til å forsvinne når folk spør.
La Garçonne E-gift card
La Garçonne er favorittnettbutikken min, dei har alltid det eg ser etter i kvaliteten eg ynskjer. Eit gåvekort der er ein sikker vinnar, for eg får alltid brukt det til noko bra. Det varer i fem år også, så om eg ikkje vil ha noko med ein rasande gong er det mogeleg å ha det på lur.
Designing Design & White av Kenya Hara
Kenya Hara er ein japansk grafisk designar – mest kjend som art director for Muji og arbeidet han gjorde for OL i Nagano 1998. Han har skrive to bøker om grafisk design, og eg ynskjer meg begge.
Abonnement: Kinfolk & The Gentlewoman
Magasin-abonnement er noko som varer gjennom året, og både Kinfolk og The Gentlewoman er magasin eg plar tillate meg sjølv å kjøpe når det kjem ut uansett. Å få dei rett i postkassa er ikkje å forrakte!
15.01.15
1
Bits & bobs
_
Velkommen 2015! Det er mykje å få orden på etter eit halvt år på Island, men no byrjar sorteringa av både tankar og ting å komme på plass. Eg har fått litt godt nytt på nyåret, som at eg skal få vere med på Phono 2015 (mitt tredje år), at Griegakademiet gjerne vil gje meg litt pengar i byte mot konsertplakatar og at eg karra meg vidare til finalen i Vexen Blog Awards. Klesskapet er utrenska og flyttekassene klare til å bli med til Bergen igjen. 2015 har mykje spanande på lur, eg gler meg!
9.01.15
0
Bits & bobs
_
↑ Foto: Erick Kjellevold
I år som i fjor er eg semifinalist i Vixen Blog Awards, årets fotoblogg! Og sjølvsagt blir eg superglad om du vil gå inn og stemme på meg her. Eg er ho med det grøne bildet. Sida ser ikkje ut til å fungere ordentleg i Google Chrome for augneblinken, men eg reknar med det ordnar seg – til då kan ein berre opne i kva som helst anna nettlesar.
13.12.14
4
Bits & bobs
_
I april flyttar eg, frå kollektivet i Søndre Skogveien, til ei lita leiligheit på Nordnes. Eg flyttar for sjuende gong sidan eg flytta heimefrå som sekstenåring, men denne gongen er likevel litt annleis. Endå litt meir annleis enn når eg flytta til ein ny by eller til eit nytt land. For denne gongen flyttar eg saman med Erick. Denne gongen deler eg ikkje kjøkken med 4-5 andre, eg betaler ikkje husleige i store bunkar kontant ISK, har ikkje lengre faste vaskeveker eller inga oversikt over kven som eig gensaren på golvet eller kven sin tur det er til å rydde ut av oppvaskmaskina. Eg skal ikkje vere hybelbuar meir, og det er litt skummelt og rart. Men heldigvis skal eg bu med Erick. Så då ordnar det seg.
1.12.14
7
Bergen, Bits & bobs
_
Sendte søknad om utveksling til Listaháskóli Íslands i dag. Island. Så no er det gjort, overstått, berre å vente på svar. Håpar på det beste men førebur meg på det verste. Bra blir det uansett!
Bildet er tatt av Hedda Selder, på Island sjølvsagt.
15.03.14
9
Bits & bobs
_
Geology of Shoes from Petr Krejčí on Vimeo. Tykte denne var veldig fin. God måndag!
10.03.14
6
Bits & bobs
_