SFJ

Untitled

 

På fredag vart eg merka for livet. Fylkesvåpenet til sogn og fjordane midt på leggen, med meg  uansett kvar i verda eg er. Eg er så sjukt glad i den allereie.

 

 

25.10.15
11 Bits & bobs
_

Font

abc-01
efg-01

 

For tida lagar me vårt eige typsnitt, og eg har byrja på denne rare displayfonten som liknar litt på ting ein finn frå før men ikkje heilt. Målet er å lage akkurat den mellomtingen eg har leita etter før men ikkje har fått tak i. Eit godt utgangspunkt for å lære programvare, og kanskje eg får brukt den til meir etter kvart!

 

 

6.09.15
2 Bits & bobs
_

Kaffipause

Untitled
Untitled

Sjølv når det er ferie er det mykje å gjere. Når ein freelancar er det lett å ende opp med tusen smågreier å halde styr på framfor eitt lengre oppdrag, noko som eigentleg er berre fint, men som ein også kan verte litt sprø av å halde styr på. Plutseleg havnar det ein mail i gløymeboksen, det som skulle ta ein time tar tre, og kvar havna dei bildefilene igjen? Planleggingsboka kunne eg aldri klart meg utan, men nesten like viktig er det å berre legge den vekk av og til også. Logge av mail og setje seg i skuggen med ein kaffikopp. Å vere tilgjengeleg tjuefire timar i døgnet fungerer ikkje, om det er viktig så ringer dei opp igjen eller legger igjen ein beskjed etter pipetonen. Dette er det viktigaste eg har lært meg for å overleve og framleis tykkje at eg må vere den heldigaste eg veit som får gjere så mykje bra designoppdrag. Det er ikkje så lett å sjå når ein har tusen ting i hovudet, men når ein får det litt på avstand så blir alt litt meir overkommeleg.

 

12.06.15
5 Bits & bobs, Graphic
_

Soft

 

Foto: Alexa Hotz

Har tatt litt ferie, set saman litt småtteri på grafisk-fronten men elles berre ser eg på regnet og kosar med hund. Eg skal ha ein produktiv sommar, berre ikkje akkurat no.

 

3.06.15
0 Bits & bobs
_

Ferie

Dette har vore det mest intense semesteret på Kunst- og Designhøgskolen hittil, og eg treng ein sommar for å vere klar til hausten. Har lyst til å skrive litt gode innlegg på blogg, ikkje berre korte oppdateringar med «dette har eg produsert i det siste», har lyst til å illustrere litt for morro skuld og fotografere stille sommardagar. Velkommen sommarferien, eg skal la meg inspirere.

 

22.05.15
5 Bits & bobs
_

Fog

Untitled

Illustrator-øving med masse teksturar. Sånnt ein finn på ein søndag når ein helst vil gjere alt anna enn å skrive rapport.

 

22.02.15
3 Bits & bobs
_

Tellef Raabe

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Totebags og t-skjorter eg designa for mørk pop/folk-artist Tellef Raabe. Dei er svarte med svart trykk, eit vellukka eksperiment. Litt vanskelege å ta bilde av sidan både stoff og trykk er svart, men endeleg fekk eg gjort eit forsøk og det vart ikkje så verst. Printet er teikna etter foto av Sólheimajökull, endå eit Island-prega design altså!

 

 

10.02.15
2 Bits & bobs
_

Follow and Like: