Resten av dei kornete svartkvittbileta eg tok på Island i august. Lengtar sånn pittelitt.
Alt som kræsjar i hovudet når eg eigentleg skal konsentrere meg.
26.10.15
1
Visual essay
_
På fredag vart eg merka for livet. Fylkesvåpenet til sogn og fjordane midt på leggen, med meg uansett kvar i verda eg er. Eg er så sjukt glad i den allereie.
25.10.15
11
Bits & bobs
_
Denne veldig gule saken er ein del av oppgåvebesvarelsen i typografi-kurset me hadde i september. Det er ein tosidig plakat-foldout som utforskar handlaga vs. digitalt og tar eit steg vekk frå jakten på det perfekte / tidlause. Målet var å rive meg sjølv laus frå frykta for å lage noko stygt og omfavne det midlertidige. (det som ikkje er skrive i stein – derav namnet). Silketrykk på tynt avispapir.
21.10.15
0
School projects
_
For godt over ein månad sidan farga eg håret mitt grått. Eg har aldri farga håret før, så det tok litt tid å finne den rette komboen av lilla sjampo og stålgrå toning og frisørbesøk. Det er ikkje den lettaste fargen å få til, men eg tykkjer det vart så verd det til slutt. Annleis men nøytralt.
Bergens kulaste band Chain Wallet gir endeleg ut ny singel, eg har laga cover og alt er ein fest. Skru opp lyden og nyt!
Fire fantastiske oktoberdagar på favorittøya. Seks veker sidan forrige visitt, skal klare å halde meg heime litt lengre denne gongen. Trur eg.