For godt over ein månad sidan farga eg håret mitt grått. Eg har aldri farga håret før, så det tok litt tid å finne den rette komboen av lilla sjampo og stålgrå toning og frisørbesøk. Det er ikkje den lettaste fargen å få til, men eg tykkjer det vart så verd det til slutt. Annleis men nøytralt.
Haust er det aller aller beste eg veit. Eg elskar å rulle meg inn i skjerf og kåper og store fluffy strikkegensarar. Elskar tjukke strømper og dobbel strømpebukse under skjørta. Elskar å gjøyme meg på kafé i timesvis med gratis påfyll kaffi og planleggingsbok i veska. Endå ein grunn til at eg har komen til rett plass. Her er det haust over halve året!
Har kjøpt meg ein ting her oppe, og det vart denne litt rare ulljakken. Nesten som ein kep, men med erme. Passe rar, passe klassisk, passe varm. Sistnevnte kjem spesielt godt med.