Island i svartkvitt. Ventar framleis på dei analoge bilda, det tar litt tid å få dei framkalla. Gler meg til å sjå dei, om dei i det heile tatt overlevde reisa utan å lekke fulle av lys! I mellomtida får eg berre bla litt tilbake i arkiva.
25.01.15
6
Island, Visual essay
_
I dag var eg med å hente åtti ferdigtrykka handlenett på Robotbutikken, starten på eit fantastisk samarbeid med bandet Chain Wallet. Printet laga eg for ei stund sidan på Island, men ting tar tid og endeleg var det ferdig. Eg er super-nøgd og har blitt gratulert for vel utført design opptil fleire gonger. Dette blir bra!
Det tok litt tid, men så kom saknet. Saknet etter det halvåret som forsvann litt for fort. Det er tomt ein stad eg ikkje veit heilt kvar er, ein stad eg ikkje visste fanns. Men det er vel slik ein veit at det var verd det. At det var eit bra halvår, at eg fekk igjen for alle timar med søknadskriving og planlegging. Så gjeld det berre å gjere Bergen til mitt neste eventyr.
18.01.15
5
Thoughts on
_
Nyleg har eg blitt hanka inn som designar for eit samarbeidskonsept mellom Griegakademiet og Vestnorsk Jazzsenter, konsertserien GIG-akademiet. Dette blir første plakat + logo for serien. Har litt grafisk-greier på lur som snart kan visast fram, kjennes bra å ha tid til å freelance litt.
Ganske snart har eg bursdag, og i år har eg vore flink til å spare på ting som eg ønsker meg – for dei har ein tendens til å forsvinne når folk spør.
La Garçonne E-gift card
La Garçonne er favorittnettbutikken min, dei har alltid det eg ser etter i kvaliteten eg ynskjer. Eit gåvekort der er ein sikker vinnar, for eg får alltid brukt det til noko bra. Det varer i fem år også, så om eg ikkje vil ha noko med ein rasande gong er det mogeleg å ha det på lur.
Designing Design & White av Kenya Hara
Kenya Hara er ein japansk grafisk designar – mest kjend som art director for Muji og arbeidet han gjorde for OL i Nagano 1998. Han har skrive to bøker om grafisk design, og eg ynskjer meg begge.
Abonnement: Kinfolk & The Gentlewoman
Magasin-abonnement er noko som varer gjennom året, og både Kinfolk og The Gentlewoman er magasin eg plar tillate meg sjølv å kjøpe når det kjem ut uansett. Å få dei rett i postkassa er ikkje å forrakte!
15.01.15
1
Bits & bobs
_
Velkommen 2015! Det er mykje å få orden på etter eit halvt år på Island, men no byrjar sorteringa av både tankar og ting å komme på plass. Eg har fått litt godt nytt på nyåret, som at eg skal få vere med på Phono 2015 (mitt tredje år), at Griegakademiet gjerne vil gje meg litt pengar i byte mot konsertplakatar og at eg karra meg vidare til finalen i Vexen Blog Awards. Klesskapet er utrenska og flyttekassene klare til å bli med til Bergen igjen. 2015 har mykje spanande på lur, eg gler meg!
9.01.15
0
Bits & bobs
_