Eg hatar at ting tar slutt. Eg er ein person med kjensler i heile meg, heilt ned i det ytterste av tærne, og når eg må ta farvel med noko bra verker det i kvar centimeter. Og eg gruar meg til å ta farvel med Reykajvik. Ikkje fordi eg ikkje vil heim igjen, eller fordi eg ikkje har sakna Bergen og venner og hund og sognefjell. Men fordi eg tar farvel med eit heilt spesielt halvår som eg ikkje får tilbake. På både godt og vondt.
Eg har møtt menneske her, oppdaga stader her, kjent meg på rett plass her på ein annan måte enn eg har gjort før. Eg tenkte aldri på at eg kunne bli så knytta til denne staden før eg kom hit. Det skulle vere eit halvtårs eventyr og så tilbake til verkelegheita. Men eventyret vart så verkeleg. Og akkurat no vil eg berre at det skal vare endå litt til.
Det kjennes rart at nesten eit år med planlegging, søking, venting og papirfiksing kan renne vekk mellom fingrane i så høg fart. At fem månader kan spolast gjennom, og dei inkluderte ikkje eingong ein pauseknapp. Men kanskje det er akkurat slik det skal vere. Kanskje Island er ein stad eg ikkje skal få nok av heilt endå, kanskje ein stad eg ikkje skal få nok av på lenge.
Til sommaren skal eg tilbake, og kanskje ein liten tur litt før den tid også, om eg ikkje klarer å vente. Eventyret treng ikkje vere over sjølv om eg ikkje skal bu her meir. Det er det som er så fint med stader som dette, dei har ein tendens til å vere der når ein kjem tilbake også. Ein treng ikkje seie hadet, men på gjensyn.
10.12.14
5
Thoughts on
_
Plutseleg var det desember og tid for julekalendar-design. Kalendaren er eit samarbeid med Klangkollektivet og Robotbutikken i Bergen, kvar søndag i advent dukkar det opp eit nytt bra tilbod. Desember har alltid vore så langt fram i tid, heile opplegget tok meg litt på senga! Men det blir ein bra månad.
Søndagar er til for kafé og ikkje så mykje anna, og denne søndagen var akkurat sånn. Me åt frukost og drakk kaffi lenge. Gjennoppdaga Harpa ved havna. Tok bilete i vinterlyset så lenge det vara, for no er det ikkje så mange timar med dagslys att her oppe. Har gløymd vekk kvardagsfotograferinga litt dei siste månadane, det var godt å ha kameraet med over skuldera igjen. Lova meg sjølv å passe på å dokumentere Reykjavik litt betre, både for den planlagde guiden og mi eiga skuld.
7.12.14
2
Reykjavík, Visual essay
_
Første laurdagen i desember. Me sov lenge og åt frukost på bakeri og henta oss kaffi frå Reykjavik Roasters sin pop-up kafé på kunstmuseet. Sånn passe slapp laurdag som ein treng etter å ha levert inn semesterrapport og hatt trykkdeadlinar tett i tett den siste veka. Gler meg til å sjå resultata, berre den beste delen igjen.
Endå ein pitteliten fiskeby ein passerer på runden gjennom Snæfellsnes. Ei kystlinje med kolsvarte mosegrodde klipper, djupturkist hav og bitande vind. Slike stader er så stille om hausten, og gjer dei endå meir magisk.
I april flyttar eg, frå kollektivet i Søndre Skogveien, til ei lita leiligheit på Nordnes. Eg flyttar for sjuende gong sidan eg flytta heimefrå som sekstenåring, men denne gongen er likevel litt annleis. Endå litt meir annleis enn når eg flytta til ein ny by eller til eit nytt land. For denne gongen flyttar eg saman med Erick. Denne gongen deler eg ikkje kjøkken med 4-5 andre, eg betaler ikkje husleige i store bunkar kontant ISK, har ikkje lengre faste vaskeveker eller inga oversikt over kven som eig gensaren på golvet eller kven sin tur det er til å rydde ut av oppvaskmaskina. Eg skal ikkje vere hybelbuar meir, og det er litt skummelt og rart. Men heldigvis skal eg bu med Erick. Så då ordnar det seg.
1.12.14
7
Bergen, Bits & bobs
_