
Når det blir for mykje sjekklister over ting som skal gjerast og for mange mails å svare på og for mange dagar å planlegge, tar eg fram bildene frå Villa Faraldi og finn tilbake til nullpunktet med senka skuldre og ny inspirasjon.
5.04.14
6
Travel, Visual essay
_
Eg jobbar ikkje berre deltid på Pepper, eg er grafisk designar for dei også. To jobbar på eit intervju, så og seie. På laurdag opnar me ein Pepper til i Bergen, og tel ned kvar dag på Instagram. Sånn om lag slik blir det sjåande ut. Det blir mykje små jobbar, flyers, invitasjonar, nettsidegrafikk, men gøy er det likevel. Nokre større blir det også etter kvart, men det er ei anna historie!
Fredag slapp Phonofestivalen design og nokre artistar for 2014. Eg gjekk rundt og var smånervøs for første gong på svært lenge. I år var det ingen jury som valde designet, i år var det berre meg sjølv å skulde på om det ikkje vart rett. Men det kjennes rett for meg, og det er jo ganske viktig det og!
Slik vart altså det ferdige resultatet av «Gold» som eg posta for ei stund sidan! Silketrykka gull på svart kartong, og gullbelagde kassettar. Skal det vere så skal det vere. Superkjekt i alle fall!
Sendte søknad om utveksling til Listaháskóli Íslands i dag. Island. Så no er det gjort, overstått, berre å vente på svar. Håpar på det beste men førebur meg på det verste. Bra blir det uansett!
Bildet er tatt av Hedda Selder, på Island sjølvsagt.
15.03.14
9
Bits & bobs
_
Geology of Shoes from Petr Krejčí on Vimeo. Tykte denne var veldig fin. God måndag!
10.03.14
6
Bits & bobs
_
For ei tid tilbake laga eg ei bølgjeillustrasjon for Kunst 2.0 som skulle trykkast på handlenett og t-skjorter. No er dei ferdige, og er å få tak på i nettbutikken deira; http://kunst20.bigcartel.com/. Eit veldig bra prosjekt!