
Reykjavik er absolutt alt eg håpa på det ville vere. Det er akkurat passe stort. Ein forsvinn i mengda når ein ønsker men det er heller ikkje vanskeleg å bli kjend med folk. Det er eit svømmebasseng i kvar bydel – alle utstyrt med varme kjelder, nokre med både utandørs og innandørs basseng. Vatnet er naturleg oppvarma, og det er mykje mindre / ingen klor. Lokal musikk og design er lett tilgjengeleg, det same gjeld naturen. Bussar ut av byen er ikkje vanskeleg å oppdrive, om ein vil reise organisert med turistopplegg eller finne fram på eiga hand.
Så her sit eg, første skuledag og et gulrotkake til lunsj. Skulen er så som så. Så ærleg kan eg vel vere. Ikkje like stor fleksibilitet som eg hadde håpa på, men elles er det veldig lovande. Akkurat den delen kjem litt i andre rekke for meg. Det er så overveldande mykje bra her at eg klarer ikkje verte skuffa om eg så hadde prøvd. Dette kjennes som heime allereie. Neste søndag skal eg nordover for å sjå på endå meir natur, pluss fuglar og kystlinje. Nokon ting må ein få gjort før vinteren set inn og været gjer det vanskelegare å gjennomføre. Eg har allereie fått favorittstader i Reykjavik, og eg gler meg til å gjøyme meg på kafé kalde vinterdagar og grave meg ned i tjukke ullskjerf (sistnevnte har eg allereie byrja med – her er det 13 grader toppen, bra at eg trives i kulden.)
Førebels bur eg på hostel, og sjølv om eg er svært positivt overraska over kor bra det går å bu i eit køysengerom med 12 andre jenter blir det fantastisk å få noko som er mitt. Eg har kjøpt to kaffikoppar og eit lite kaffibrett og gler meg til å kunne brygge kaffi på mitt eige rom før eg skal på skulen. Me har ikkje undervisning før klokka 13, som opnar for bra morgonar og lite stress (eg hatar å stresse). Kanskje til og med litt produktiv jobbing, eg har ein tendens til å vakne tidleg sjølv når eg ikkje trenger det.
Eg kjem til å lage ein Reykjavik-guide. Eg er klar over at etterspurnaden for ein slik guide er svært liten – men eg oppdagar for mykje bra her som ikkje er tipsa om nokonstad til å la vere. Plutseleg ein dag er det nokon som skal til Reykjavik og som trenger akkurat ein slik type guide som eg kan lage. Dessutan er det fint for min eigen del også! På bloggen opprettar eg kategorien «Reykjavik» for å dele favorittstader i byen, og «Island» for meir generelle fotosamlingar etc. Dette landet er perfekt for meg. Eg har gjort eit bra val.
Eg bur fem dagar på dette hotstellet før eg kan flytte tinga mine over til Odinn der eg har studentbolig. Eg får ikkje flytta skikkeleg inn før 1. september, så eg har heile 10 dagar i Reykjavik før eg kan bruke tida mi på å pakke ut saker og lage ein mini-heim for fire månader. Studiestart er dog 25 august, så eg har nok av ting å fylle dagane med. I tillegg til å orientere meg fram og tilbake til skulen tenkte eg å:
⤫ finne ut om og evt. kvar ein kan få semesterkort
til eit svømmebasseng
⤫ bade. Varm kjelde, blå lagune
⤫ finne ut kvar på Island ein kan reise med
kollektivtransport for å oppleve litt meir enn Reykjavik
(på ønskelista: Landmannalaugar, Gullfoss)
⤫ speedlese litt i «Learning Icelandic» (litt usikker
på om dette er eit realistisk mål. Mest truleg ikkje)
⤫ ta analoge bilder igjen, og finne ut kvar ein får
framkalla i Reykjavik
⤫ gå på Kafé (har Reykjavík Roasters, Kaffitár og
Landromat på lista)
⤫ gå langs havna
Plutseleg er det under to veker til alt saman, og det meste er i boks. Skype er installert, satsar på å lure meg unna den verste heimlengsla på fire månader – tida flyr tross alt!
Henta handlenett og la dei ut for sal på Pepper (klesbutikken eg jobbar på), det kjennes så sjukt bra. Eg er fornøyd med og stolt over det eg designar, ekstra kjekt er det jo å skulle få selje eit par stykk også. Phonodesignet 2014 er i boks, det går i mørkeblått og kvittonar!
I går ankom me Barcelona! Hurra ferie og tapas og varme og ny by.
Der skal eg bu! Frå 1 september har eg bustad i Reykjavik, veka før byrjar skulen men det finns vel forhåpentligvis ein Bed & Breakfast som har plass til meg nokre dagar så lenge. Skal bu i Óðinsgata, ganske så midt i sentrum og ganske så nært skulen. Eg er nøgd med livet.
Det kjennes så rart når ein månad forsvinn like fort som ei veke, dagane smeltar saman og når eg ser meg over skuldra innser eg plutseleg kor vanvittig mykje eg har gjort sidan sist eg tok meg tid til å stoppe opp. Det kjennes litt bra og. Når eg ser alt eg har fått til og alt som tok litt lengre tid enn eg trudde og alt som gjekk mykje lettare enn eg hadde rekna med. Blogg høyrer nesten ei annan tid til. Men eg tar den med, den blir med til Island, og den blir med gjennom sommar og jobbing og flytting og planlegging. Det er fint å ha sin vesle internettstad å ta seg tid til.
19.05.14
7
Thoughts on
_