Haust

Untitled

 

 

Haust er det aller aller beste eg veit. Eg elskar å rulle meg inn i skjerf og kåper og store fluffy strikkegensarar. Elskar tjukke strømper og dobbel strømpebukse under skjørta. Elskar å gjøyme meg på kafé i timesvis med gratis påfyll kaffi og planleggingsbok i veska. Endå ein grunn til at eg har komen til rett plass. Her er det haust over halve året!

 

 

21.09.14
8 Style ++
_

R

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

20.09.14
2 Island, Visual essay
_

Saum

Untitled
Untitled
Untitled

 

 

Årets festivalkunstarar for Phono er kunstkollektivet Svulst som eg er også er ein del av. Temaet for utstillinga vår er «Saum» og mitt bidrag er desse tre bildene frå Þingvellir – der Island revnar i to pga kontinentaldrift. Er å sjå saman med resten av den supre utstillinga på Det Akademiske Kvarter frå 18. september!

 

 

16.09.14
2 Visual essay
_

Tveir

Untitled

 

 

Det bur to på det vesle rommet mitt i Óðinsgata for tida. Det henger to håndklær til tørk i dusjen etter ein tur i svømmebassenget. Eg må kjøpe to flakser appelsinbrus på butikken. Reykjavik er endå litt finare når ein kan dele den med nokon som ikkje har vore her før. Kaffien smakar betre når ein deler ei kanne, og paraplyen funkar betre over to hovud.

 

Det skjer mykje både på skulen og i mail-innboksen, då er det godt å kunne jobbe litt effektivt og ta seg ordentleg fri etterpå. Snart er det Phonofestival, snart lanserer Klangkollektivet design nummer tre, ting er 50% i rute men det ordnar seg til slutt!

 

 

10.09.14
5 Island
_

New

Untitled

 

Har kjøpt meg ein ting her oppe, og det vart denne litt rare ulljakken. Nesten som ein kep, men med erme. Passe rar, passe klassisk, passe varm. Sistnevnte kjem spesielt godt med.

 

 

1.09.14
9 Style ++
_

Reykjanes

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

Dette er altså naturen eg omgir meg med på alle kantar. Stupbratte revner i bakken, klipper som bøyer seg i alle retningar, damp som siv opp av jordgrunn som held 80-100°C. Det er så uendeleg vakkert, og endå har eg berre fått tatt bilder med mobilkamera fordi eg ikkje er førebudd på å møte på slike syn rundt neste sving. Godt eg har fire månader og god tid til mange turar med kamera i sekken.

 

 

28.08.14
12 Island
_

P for Phonoprogram

 

 

Direkte frå Reykjavik vart denne sendt i trykken i dag, og markerer nesten-slutten for designarbeidet med Phono 2014. Phono var det første store oppdraget eg gjorde, og eg har fått lov å vere med i to år. Vil alltid vere litt ekstra glad i denne festivalen.

 

 

28.08.14
2 Graphic
_

Follow and Like: