
I helga hadde eg endå meir besøk, og me fann oss ein buss som gjekk nedover langs sørkysten av Island. Ein heilt fantastisk søndag der alt klaffa; både været og staden og selskapet. Desse bilda er tatt ved isbreen Sólheimajökull. Til tross for at eg er vokst opp ikkje langt unna brelandskap er dette første gongen eg er så nær ein isbré (me gjekk eit par meter på den). Vakkert.
14.10.14
8
Island, Visual essay
_
Mamma var på besøk denne veka, og me reiste ein rundtur for å myse på vakre Island. Gullfoss, Strokkur (Geysir) og Þingvellir. Eg kjem ikkje over kor vakkrt det er her, eg har vald heilt rett plass å utveksle til. Skulle til og med ynskje eg kunne vore her eit semester til, tida har sprinta forbi i rekordfart!
Me har eit utrulig teknisk kurs på skulen for tida. Me bygger små maskiner som me kodar over eit dataprogram og får dei til å gjere det me vil. Sånnt ein driver med om ein vil lære å bygge robotar etc. Og det er uhyre vanskeleg. Kva det har med visuell kommunikasjon å gjere vil tida vise, men som print-designar er eg på djupt vatn. Trøsta meg med å dra fram teiknebrettet og skrible litt – alt for lenge sidan!
For litt over to år sidan kom eg til Bergen etter vidaregåande. Hadde ikkje komen inn på Kunsthøgskulen trass i innkalling til intervju og opptaksprøve, og skulle derfor byrje på Norges Kreative Fagskule. Det budde ein pitteliten grafisk designar i magen som hoppa og spratt kvar gong eg gjekk forbi plakatar på gata. Tenk å kunne gå forbi plakatar eg hadde laga. Tenk å få vere festivalgrafikar. Tenk å få jobbe i plateselskap.
Seks månader seinare vinn eg ein konkurranse og blir festivalgrafikar for Phonofestivalen.
Elleve månader seinare kjem eg inn på Kunsthøgskulen.
Eit år seinare blir eg designar for plateselskapet Klangkollektivet.
Eit år og fire månader seinare får eg spørsmål om eg vil gjere Phonofestivalen ein gong til.
To år seinare sit eg i Reykjavik og lagar scenevisuals til Landmark, nyter eit ferdig Phonodesign og ny profil for for Klangkollektivet.
Ikkje minst har eg gjort fem platecover sidan den gong også. Og hatt foto og illustrasjonar på trykk i magasin.
Eg har opplevd å byrje på eit prosjekt som eg ikkje var rett designar for og bli bytta ut. Eg har opplevd å bli spurt om å gjere noko i staden for ein annan designar fordi eg passar betre. Opplevingar som gjer at eg veks enormt. Hadde nokon sagt dette til meg for to år sidan hadde eg berre rista på hovudet. Fordi det er litt utrulig. At den vesle designaren i magen har vokse seg så stor at den fyller heile meg.
30.09.14
12
Thoughts on
_
The Gentlewoman
Den udiskuterbare favoritten. Lengre intervju med bra damer, ein layout som får magen til einkvar grafisk designar til å kile, og sterke foto trykka på fleire papirkvalitetar. Kjem ut to gonger i året men kan takast fram igjen og igjen heilt til neste utgåve.
Kinfolk
Rein inspirasjon. Tjukke herlege sider fylt med foto og kortare tekstar. Kvart nummer har eit tema, som «weekend» eller «imperfect» så her kan ein plukke ut dei tema som er mest intressant for ein sjølv.
Neptún
Eit Islandsk minimagasin som kjem ut to gonger i året. Handlar om kreative menneske og initiativ på Island, og her er det mykje intressant sjølv for dei som ikkje bur her.
Vogue september issue
Eg kjøper alltid septemberutgåva av Vogue. Det er like stort, om ikkje større, enn ei bok (i år på heile 800 sider) og kostar det same som ei vanleg utgåve. Bra med valuta for pengane altså, dessutan er haustkolleksjonane mine favorittar.
Frame
Interiør, design, og annan bra inspo. Trykka på tjukt grovt papir.
Living (Corriere Della Sera)
Italiensk interiørmagasin. Med mindre du kan italiensk kjøper ein ikkje dette magasinet for artikkel-delen, men for bilder og layout. Det meste av magasinet er kun atmosfæriske bilder, absolutt det perfekte søndagsmagasin.
I over ein månad har eg no budd i Reykjavik. Denne heilt nye byen i det heilt nye landet som eg snubla inn i utan så mykje meir enn to koffertar ved mi side. Det høyres kanskje litt einsamt ut for nokon. Litt sprøtt, kvifor eit semester langt oppe i kalde nord utan noko anna mål enn å berre klare seg åleine. Men det er ein enorm skilnad på å vere åleine og på å vere einsam. Ein forskjell eg føler kokar vekk mange gonger. Eg har ikkje vore einsam ein einaste gong sidan eg kom hit. Eg har faktisk vore mindre einsam her enn eg har vore i Bergen mange gonger – men eg har vore meir åleine.
Eg gjøymer meg ikkje vekk under ein stein tjuefire timar i døgnet, men eg får ikkje hjartebank av å drikke kaffi åleine eller bruke laurdagskvelden til å ete pizza i senga med ein film. Det er herleg befriande. Det er ein del av å bli vaksen, og ein del av å vere ung. Og eg er rett og slett ganske stolt, for at eg er her heilt på eiga hand og klarer meg betre enn eg i det heile kunne håpa på. Det er viktig for meg å vere åleine. Men sjølvsagt kjem det surfande inn bra folk på ein stad som dette. Utveksling er ei perfekt balanse mellom å møte nye menneske og å møte meg sjølv.
26.09.14
6
Thoughts on
_
I dag slapp Klangkollektivet designet eg har arbeida på den siste månaden! (puh, tida flyr) Og det kjennes superduperbra. Første omgang er grafiske element, fargar, plakat og flyer til deira årlege bursdagsfeiring på Østre 7. november. I år blir det dobbel sleppfest i same slengen også. Etter kvart kjem det brosjyre og miks-CD-cover, men aller først skal eg ta ein liten pause!
Eg har ein utrulig givande jobb.