Þorvaldseyri ligg rett under fjella og breen som høyrer til vulkanen Eyjafjallajökull kjend frå utbrotet i 2010. Det er så vakkert at det nesten tek litt pusten frå deg. Rett rundt svingen finn ein også nydelege Skógafoss, som er ei bra erstatning for Gullfoss om ein ikkje har tid til å få med seg alle må-sjå-stadene på Island under eit kort opphald.
16.10.14
13
Island, Visual essay
_
I helga hadde eg endå meir besøk, og me fann oss ein buss som gjekk nedover langs sørkysten av Island. Ein heilt fantastisk søndag der alt klaffa; både været og staden og selskapet. Desse bilda er tatt ved isbreen Sólheimajökull. Til tross for at eg er vokst opp ikkje langt unna brelandskap er dette første gongen eg er så nær ein isbré (me gjekk eit par meter på den). Vakkert.
14.10.14
8
Island, Visual essay
_
20.09.14
2
Island, Visual essay
_
Årets festivalkunstarar for Phono er kunstkollektivet Svulst som eg er også er ein del av. Temaet for utstillinga vår er «Saum» og mitt bidrag er desse tre bildene frå Þingvellir – der Island revnar i to pga kontinentaldrift. Er å sjå saman med resten av den supre utstillinga på Det Akademiske Kvarter frå 18. september!
16.09.14
2
Visual essay
_
Når det blir for mykje sjekklister over ting som skal gjerast og for mange mails å svare på og for mange dagar å planlegge, tar eg fram bildene frå Villa Faraldi og finn tilbake til nullpunktet med senka skuldre og ny inspirasjon.
5.04.14
6
Travel, Visual essay
_
Mitt første bestillingsverk! Til magasinet SNITT skulle eg bruke opp ein filmrull ein kveld på byen – og alle bildene skal trykkast. Sjølv dei som er heilt svarte og dårlege. Heldigvis klarte eg å unngå for mange av sistnevnte. Ein heil del god stemning fanga på svartkvittfilm, det blir kjekt å sjå på trykk når den tid kjem!
26.02.14
8
Visual essay
_
God fredag, den beste dagen i veka, ting er akkurat som dei skal!
21.02.14
4
Visual essay
_