Pepper

Pepper

 

 

 

 

 

 

 

Pepper

 

 

Eg jobbar ikkje berre deltid på Pepper, eg er grafisk designar for dei også. To jobbar på eit intervju, så og seie. På laurdag opnar me ein Pepper til i Bergen, og tel ned kvar dag på Instagram. Sånn om lag slik blir det sjåande ut. Det blir mykje små jobbar, flyers, invitasjonar, nettsidegrafikk, men gøy er det likevel. Nokre større blir det også etter kvart, men det er ei anna historie!

 

2.04.14
6 Graphic
_

PHONO

Phonofestivalen 2014

 

 

Fredag slapp Phonofestivalen design og nokre artistar for 2014. Eg gjekk rundt og var smånervøs for første gong på svært lenge. I år var det ingen jury som valde designet, i år var det berre meg sjølv å skulde på om det ikkje vart rett. Men det kjennes rett for meg, og det er jo ganske viktig det og!

 

23.03.14
5 Graphic
_

Strings & Timpani

Strings & Timpani
Strings & Timpani
Strings & Timpani
Strings & Timpani
Strings & Timpani
Strings & Timpani
Strings & Timpani
Strings & Timpani
Strings & Timpani
Strings & Timpani

 

Slik vart altså det ferdige resultatet av «Gold» som eg posta for ei stund sidan! Silketrykka gull på svart kartong, og gullbelagde kassettar. Skal det vere så skal det vere. Superkjekt i alle fall!

 

21.03.14
12 Graphic
_

Bølgjande

Untitled

 

Untitled

 

 

For ei tid tilbake laga eg ei bølgjeillustrasjon for Kunst 2.0 som skulle trykkast på handlenett og t-skjorter. No er dei ferdige, og er å få tak på i nettbutikken deira; http://kunst20.bigcartel.com/. Eit veldig bra prosjekt!

 

9.03.14
4 Graphic
_

Gold

t2

Untitled-1

Eit grafisk-prosjekt som inneber kassettar og silketrykking i gull. Ganske spanande, gler meg til å finne ut kva veg det tar og til å vise fram det ferdige resultatet! Jobbar i mørkare fargar enn vanleg, litt ubevisst men kanskje også litt vinterpåverkning. Det er uansett veldig bra for meg å utforske nye kombinasjonar eg ikkje har gjort meg kjend med endå.

9.02.14
9 Graphic
_

Ein lærdom pluss litt til

Dei som følgjer meg på instagram eller har meg i venelista på facebook veit dette allereie, men i vår tok eg eit val. Eg sendte inn søknad og portfolio og sa ikkje noko til nokon. Så fekk eg eit brev i posten der det stod at eg var kalla inn til opptaksprøve. Og ei veke etter opptaksprøva fekk eg eit nytt brev, eg kom inn. Så til hausten byter eg skule. Eg skal studere Visuell kommunikasjon ved Kunst- og Designhøgskulen i Bergen. Bergen Academy of Art and Design.

Det blir annleis, ikkje veldig, men det blir det. Det blir høgare nivå, høgare forventningar, eg må pushe litt meir.

Eg har lært at ein må skape sine eigne mogelegheiter, ikkje berre sitte og vente på dei. Sende den søknaden, delta i den konkurransen, hoppe! Kanskje får ein det ikkje til på første forsøk, men om ein ikkje prøver får ein det i alle fall ikkje til. Ein må opne dørene, tørre å opne dei heilt sjølv, for i dei aller fleste tilfeller er det ingen som opnar dei for deg.

23.07.13
17 Graphic, Thoughts on
_

Phonodesign

PHONO
PHONO
PHONO

EIN DRAUM SOM VART VERKELEGHEIT

Eg har eigentleg aldri vunne noko stort før. Og eg trudde ikkje eg skulle gjere det denne gongen heller. Eg hadde eigentleg tenkt å ikkje prøve, men bestemte meg for å ha det som personleg mål å i det minste levere frå meg eit bidrag eg var nøgd med.

«Tusen takk for ditt bidrag til designkonkurransen. Vi har fått inn mange gode forslag i år og konkurransen var tøff. Ditt bidrag var kreativt, og du har en spennende teknikk, derfor ønsker vi i Phonostyret å tilby deg stillingen som festivalgrafiker.»

 

Det at eg er festivalgrafikar betyr at eg enkelt og greit skal designe alt det grafiske til Phono. Plakatar, t-skjorter, totebags, programhefte, webside, flyers, alt. Eg er forferdeleg stolt, det må vel vere lov å seie. Dette er ein så stor muligheit at den tar litt pusten frå meg. Heile Bergen og kanskje fleire skal sjå plakatane mine, folk kjem til å kjøpe t-skjorter og totebags som eg har designa, bla i program som eg har bestemt korleis skal sjå ut.

Eg er livredd også sjølvsagt, fordi tenk om det ikkje blir bra nok. Tenk om eg ikkje er flink nok likevel. Tenk om.

Men så har dei jo vald meg, fordi dei ville ha meg. Fordi dei tykkjer eg er god nok. Det er litt lettare å tru på seg sjølv når andre gjer det. Og dette er så viktig for meg (fordi no er eg jo faktisk grafisk designar ganske på ordentleg) at eg veit eg skal få det til. Og ha det fantastisk fantastisk gøy samtidig.

Eg kjem til å halde blogg oppdatert på vidare utvikling, eg har til og med gitt Phonofestivalen 2013 ein eigen kategori – fordi dette er ein jobb (ja eg får betalt også) som kjem til å oppta meg enormt fram til september når alt plutseleg er over.

28.02.13
42 Graphic
_

Follow and Like: