Bergens kulaste band Chain Wallet gir endeleg ut ny singel, eg har laga cover og alt er ein fest. Skru opp lyden og nyt!
Første titt på designet for Psykologidagene 2016 i Trondheim! Første release er kun logo og tilhøyrande namnetrekk, men planane er store og dette ligg an til å bli eit av dei kjekkaste designprosjekta eg har arbeida med. Dette er også mitt første trønderoppdrag, kryssar fingrane for fleire. Om ein vil sjå meir er det berre å klikke seg inn på deira facebook-side!
Sjølv når det er ferie er det mykje å gjere. Når ein freelancar er det lett å ende opp med tusen smågreier å halde styr på framfor eitt lengre oppdrag, noko som eigentleg er berre fint, men som ein også kan verte litt sprø av å halde styr på. Plutseleg havnar det ein mail i gløymeboksen, det som skulle ta ein time tar tre, og kvar havna dei bildefilene igjen? Planleggingsboka kunne eg aldri klart meg utan, men nesten like viktig er det å berre legge den vekk av og til også. Logge av mail og setje seg i skuggen med ein kaffikopp. Å vere tilgjengeleg tjuefire timar i døgnet fungerer ikkje, om det er viktig så ringer dei opp igjen eller legger igjen ein beskjed etter pipetonen. Dette er det viktigaste eg har lært meg for å overleve og framleis tykkje at eg må vere den heldigaste eg veit som får gjere så mykje bra designoppdrag. Det er ikkje så lett å sjå når ein har tusen ting i hovudet, men når ein får det litt på avstand så blir alt litt meir overkommeleg.
12.06.15
5
Bits & bobs, Graphic
_
I sommar skal eg berre freelance. Ligge på brygga på hytta og ikkje bruke pengar og tjene akkurat nok til å betale husleige og ein svipp til Island. Lage bra greier og ha tid til å gjere ingenting. Det blir så bra.
Eit utval av fotoa eg har tatt av masterstudentane, i dag ligg det flyers rundtom i Bergen med desse fotoa + meir info om Masterutstillingen i Design 2015. Ein superbra trykksak, sjølv om leveringa var litt på overtid. Om du vil sjå meir kan du klikke deg inn på muid15.khib.no eller om du er i Bergen: ta deg ein kaffi og brett ut ein kick-ass kaféflyer.
22.04.15
2
Graphic, Visual essay
_
I påskeferien vart det mykje freelancing, og det som tok mest tid var dette heftet som presenterer alle dei regionale jazzsentera i Noreg. Eg har gjort litt for Vestnorsk Jazzsenter før, og det var kjekt å utvide horisonten.
Laga ein gif av alle instrumenta eg teikna til jazzplakaten.