I helga var Ingeborg var på besøk, så me gjorde omtrent alt ein kan gjere i Bergen. Kafé og Fløien og Nordnesparken og endå meir Kafé og det var faktisk skikkeleg vår! Laurdagen dansa me på Østre og på Landmark og det kjendes som heile helga var full av menneske fordi eg har møtt så mange og funne på så mykje.
På fredag publiserte Phono si nye nettside (eg var med å lage småting til designet men ikkje sjølve sida) så plutseleg hadde eg litt meir å gjere ein torsdagskveld enn eg rekna med. Men det er så gøy at det gjer ingenting. Om nokon lurer litt på kva Phonofestivalen er så kan ein no klikke seg inn på phonofestivalen.no og sjå!
Laurdagsnatt hang plutseleg teaserplakaten min ute i byen, og det var kjemperart å sjå den fordi den var ikkje heilt som eg hadde tenkt, men så fann eg ut at den såg mykje mykje betre ut i ikkje-nattelys.
Og så har skikkeleg mange slengt ut kompliment om Phonodesignet i det siste. Ingenting gjer meg gladare no eigentleg.
Eg er kjempedårleg til å ta bilder for tida sjølv om det endeleg er mogeleg å ta bilder i vårlys som eg har gleda meg til så lenge. Eg er berre grafisk designar for tida og ingenting fotograf. Eg skal bli betre til å vere begge deler.
15.04.13
10
Bits & bobs
_
I vinter drøymde eg om alt som skulle bli mogeleg til våren, sitte ute på kafé og ha endå meir tid til overs, og akkurat slik vart det. Frå april og til sommarferien har me mykje mindre undervisning enn me vanlegvis har, og eg fyller tida med Phono og får besøk langvegsfrå og drikk te til klokka kryper over midnatt og teiknar i fellesskap og ikkje minst sit på kafé ute i sola. Eg gløymer å ta bilder for tida men kvardagar som desse burde eigentleg bli foreviga slik at eg kan ta dei fram igjen på regnværsdagar, så eg har lova meg sjølv å kjøpe fargefilmrullar og fange vårlyset. Tida går så fort men det er vel berre eit teikn på at ein har det gøy.
10.04.13
15
Bits & bobs, Visual essay
_
Når eg kom heim til Aurland låg det masse post og venta på meg, eg elskar jo gøy post!
Endeleg har eg fått meg ein stor sekk. Som kreativ student skal ein ha med seg både det eine og det andre til og frå skulen heile tida, har lenge tenkt på å skaffe meg ein større, men fann ikkje den riktige storleiken og formen nokon stad. Før for ikkje lenge sidan! Common Sense Valter Backpack, frå Sverige.
Frå andre sida av verda (les: Australia) kom det søtaste brevet eg har lest på lenge saman med Yen magazine, skulle ønske me hadde magasin som dette i Noreg!
Og frå andre sida av havet kom ei bok som før tilhøyrde Ypsilanti District Library, men som no er berre min. Full av heilt utrulige broderi, eg får lyst til å prøve nokon sjølv, men eg veit jo at eg eigentleg ikkje har tolmodigheit.
16.03.13
21
Bits & bobs
_
Eksklusiv innsikt i t-skjorte/handlenett-design for Phonofestivalen. Førsteutkastet i alle fall!
Det har blitt mange litt kortare innlegg for tida, sånn «hei dette har jobba med i det siste» eg håpar ikkje det er kjeisamt.
14.03.13
15
Bits & bobs
_
Då kan det jo hende du likar mine syklar også. Dei kan kjøpast på Society6 som vanleg plakat (art print), innramma, postkort, telefondeksel, og ja til og med som pute. Det er berre å trykke her.
4.03.13
23
Bits & bobs
_