I fjor hoppa eg over, men i år held eg fram tradisjonen med ei lita oppsummering av året, den same lista som alltid:
Gjorde du noko i 2015 som du aldri har gjort før? I år har eg tatt mi første tatovering, og farga håret for første gong i mitt liv!
Kva land besøkte du? I kronologisk rekkefølgje: Polen (Krakow), Danmark (København), Island, England (London), Island (igjen, fordi eg saknar Island annankvar dag sånn ca.)
Er det noko du manglar i år 2015 som du vil ha i 2016? Fleire dagar der eg gjer ingen verdas ting og ikkje treng å sjekke eposten.
Kva dato frå 2015 kjem du alltid til å hugsa? Fredag 23. oktober, datoen Vilde kom heilt frå Trondheim for å halde meg i handa medan eg tatoverte fylkesvåpenet SFJ på leggen.
Kva var din største karrieremessige framgang? Eg har gjort fleire grafisk-oppdrag enn nokongong før, og eg vert berre sikrare og sikrare i arbeidet eg ufører! Likevel har internship hjå Blank Blank vore noko eg har hatt lyst til lenge, og kjendes som eit bra hopp i rett retning.
Og den største framgangen privat? I år har eg tillatt meg sjølv å gjere alt og akkurat det som kjennes bra utan å vere redd for å angre. På vegen fann eg meg sjølv. Uansett kor forbaska klisjé det måtte høyres ut.
Beste kjøpet? Dei svarte, breie, litt for korte ullbuksene som sklir opp akkurat så mykje at ein ser tatoveringen min når eg sit ned.
Kva brukte du mest pengar på? Reise. Mat. Lange jakker. Eg har ein svakheit for longcoats.
Var du gladare eller tristare samanlikna med i fjor? I år har eg vore både mykje tristare og så sjukt mykje gladare enn eg var i fjor.
Kva skulle du ønska du hadde gjort meir? Rydda. Eg prøver så godt eg kan, men det vert alltid rot i mails og gule lappar når det er mange deadlines.
Vart du forelska i år? Heilt langt ned i hjartet.
Noko du ønska deg og fekk? Øverst på ønskelista har det ei stund stått Contax T2, og det låg under treet på julafta!
Høgste ønske akkurat no? At Berlin blir bra.
Finst det noko som skulle gjort livet ditt enda betre i år? Heilt sikkert, men eg er ganske nøgd med opplegget slik det vart.
Kva fekk deg til å ha det bra? Den fantastiske gjengen eg er stolt over å kalle mine venner (og bestevenner) som får meg med på alt mulig og som veit akkurat kva ein skal seie når eg er stressa.
Kven sakna du? Island, og dei som høyrer med i den pakka.
Kva er du mest stolt over? Designa eg har laga for Phonofestivalen (2016), Escalón, Chain Wallet og Psykologidagene i Trondheim (2016)
Kva tenkjer du å gjera annleis neste år? Eg har lova meg sjølv å fotografere meir meir meir. 2015 har vore eit ganske dårleg fotoår til tross for at eg fekk setje mitt analoge preg på Masterutstillinga til KHiB – eg vil ha med kamera heile tida slik som eg brukte før.
27.12.15
4
Bits & bobs
_