I januar flyttar eg til Berlin for ein månad! Som ein del av utdanninga har me internships, og eg skal vere hjå Blank Blank – eit lite kreativt kollektiv i Kreuzberg. Blank Blank gjer alt eg ønsker å gjere når eg er ferdig utdanna, så ein betre stad for meg å vere intern finns igrunn ikkje.
Det er vanskeleg å fokusere på skule for tida, men når eg løftar blikket framover finn eg krefter til å prøve endå litt til. Maler litt, har farga håret grått og brukar stipendet på å reise. Det kjennes litt som eit eventyr.
For tida lagar me vårt eige typsnitt, og eg har byrja på denne rare displayfonten som liknar litt på ting ein finn frå før men ikkje heilt. Målet er å lage akkurat den mellomtingen eg har leita etter før men ikkje har fått tak i. Eit godt utgangspunkt for å lære programvare, og kanskje eg får brukt den til meir etter kvart!
6.09.15
2
Bits & bobs
_
I august var eg tilbake på Island, og heim igjen tok med meg ein kornete svartkvittrull. Det var etterlengta gjensyn, rykande varme kjelder, seine netter, skarpe vulkanar og mjukt seinsommarlys. Alt eg ønska meg pluss litt til, allereie første oktober skal eg tilbake endå ein gong. Og kanskje om eit år flyttar eg igjen, det er ein skummel fantastisk tanke. Island tar pusten frå meg på ein annan måte enn eg visste gjekk an.