Island kan vere eit litt tricky land å oppleve om ein ikkje har vore her før og ikkje veit heilt kva ein vil prioritere. Som ei slags julegåve og guide-start har eg satt opp eit mini weekend-forslag som eg sjølv ville ha brukt om eg kom til Reykjavik for berre ei helg. Tilpassa dei sertifikat-lause som meg sjølv. God jul!
Ankomst: bydag
Reykjavik er ein pitteliten by, og om ein vandrar ned hovudgata har ein igrunn fått med seg det viktigaste. Hopp innom Kiosk for islandsk klesdesign, GK Reykjavík, Maja, Spútnik, Geysir og Aftur om shoppinghummøret er der, og ta ein kaffi på Reykjavik Roasters før du sjekkar ut Halgrimskirkja på toppen av byen. Lunsj på Babalú eller Sundholt, middag på Grillmarknaden eller Gandhi (indisk). Gå langs havna og sjekk ut Harpa for arkitektur, og på vegen kan ein gjerne hoppe innom Reykjavik Art museum.
Kort tur: Reykjanes / Golden Circle
Mange tenkjer at ein absolutt må ta golden circle-turen og få med seg geysir, gullfoss etc. men: (til tross for at det er ein vakker tur) om du har begrensa tid ville eg ha prioritert å sjå Reykjanes-kysten. Det er kanskje min favorittstad. Og om du er up for it finns det ein kombinasjonstur der ein får begge deler! Resten av dagen bør gå til bykveld, heimekino med pizza frå Eldsmidjan og oppladning til langtur. Ta med deg badedrakta til Sundhöll for litt oldschool svømmebasseng-feel og utandørs avslapning i varme kjelder.
Reiser: Golden Cricle, Reykjanes eller Ja takk, begge deler!
Lang tur: Snæfelsnes / sørkysten
Turen går anten sørover eller nordover, og det er nesten heilt umogeleg for meg å velje ein favoritt. Turane er like lange, kostar om lag det same, og inkluderer begge heilt unike kystlandskap. Om du reiser sørover får ein svarte lavasandstrender, fossar og isbre, om du reiser nordover får du små kystbyar, fjell og fugleliv.
Reiser: South coast, Snæfellsnes
Nå har jeg så lyst til å dra til Island at det gjør helt vondt i magen. Tusen takk for så fine tips!
Ja, då må det vel bli ein tur til då!
herregud og tusen takk! dette var ein perfekt start på jula, og med dette som hjelp kjem eg kanskje endeleg til å starte islandstur-planlegginga mi!
Så bra tips. Gleder meg til jeg en dag drar dit. Forhåpentligvis for lengre enn en helg, så kan jeg dra til både sør og nord.
FANTASTISK