Plutseleg var det desember og tid for julekalendar-design. Kalendaren er eit samarbeid med Klangkollektivet og Robotbutikken i Bergen, kvar søndag i advent dukkar det opp eit nytt bra tilbod. Desember har alltid vore så langt fram i tid, heile opplegget tok meg litt på senga! Men det blir ein bra månad.
Phonofestivalen var jo i september, men eg har ikkje tatt meg tid til å fikse litt betre portfolio-bilder før no. Fint å ta fram att og hugse på kor kjekt det var å lage. Phono gir meg lov til å eksperimentere og prøve ut ting eg ikkje er sikker på om eg får til på førehand, og eg har lært meir frå mine to år som festivalgrafikar enn eg har nokon annan stad. Kanskje fordi ein lærer betre når ein hoppar i det og har det kjekt.
Klangkollektivet gir kvart år ut ein miks med smakebitar frå årets utgivingar. Slik ser nummer tre ut, i tråd med resten av designet eg laga for dei tidlegare i haust. Det er nok litt lavastein-inspirasjon inne i bildet her, Island har gitt meg mykje bra input.
Me har eit utrulig teknisk kurs på skulen for tida. Me bygger små maskiner som me kodar over eit dataprogram og får dei til å gjere det me vil. Sånnt ein driver med om ein vil lære å bygge robotar etc. Og det er uhyre vanskeleg. Kva det har med visuell kommunikasjon å gjere vil tida vise, men som print-designar er eg på djupt vatn. Trøsta meg med å dra fram teiknebrettet og skrible litt – alt for lenge sidan!
I dag slapp Klangkollektivet designet eg har arbeida på den siste månaden! (puh, tida flyr) Og det kjennes superduperbra. Første omgang er grafiske element, fargar, plakat og flyer til deira årlege bursdagsfeiring på Østre 7. november. I år blir det dobbel sleppfest i same slengen også. Etter kvart kjem det brosjyre og miks-CD-cover, men aller først skal eg ta ein liten pause!
Eg har ein utrulig givande jobb.
Direkte frå Reykjavik vart denne sendt i trykken i dag, og markerer nesten-slutten for designarbeidet med Phono 2014. Phono var det første store oppdraget eg gjorde, og eg har fått lov å vere med i to år. Vil alltid vere litt ekstra glad i denne festivalen.
Henta handlenett og la dei ut for sal på Pepper (klesbutikken eg jobbar på), det kjennes så sjukt bra. Eg er fornøyd med og stolt over det eg designar, ekstra kjekt er det jo å skulle få selje eit par stykk også. Phonodesignet 2014 er i boks, det går i mørkeblått og kvittonar!