Den siste veka har eg vore på studietur i Krakow, men meir om det ein annan gong. Rett før me reiste gjekk mitt andre arbeid for Norsk Jazzforum / Vestnorsk Jazzsenter i trykken, plakat + flyer for jazzkurs dei arrangerer i sommar. Om lag slik vart dei, no ventar påskeferien med meir freelancing.
Logoar er kanskje det eg har gjort minst av som grafisk designar, føler ikkje heilt eg får dreisen på det. Likevel seier eg ja takk til eit oppdrag når det byr seg, og etter litt over ein månad med arbeid vaks denne logoen fram. Oppbygd av to litt modifiserte fontar skapar bokstavane ein veg, som representerer Den Musikalske Stamvegen.
Phonofestivalen hoppar over eit årstal og set festivalen til januar 2016! Fredag slapp dei nyhende og design, og eg er super-pepp på å få vere med på laget i år igjen. Designet eg har laga er baster på rasteriserte trefiber i kontrastfargar, eit møte mellom det organiske og det digitale.
Gjorde vindusfolie for Pepper, som for augneblinken har pop up outlet i Nygårdsgaten. Det blir meir Pepper-grafikk denne våren, for det skjer mykje spanande med butikken.
Ein superkjapp typografi-basert poster eg laga for The Big Almost og Cakewalk sin konsert på Landmark. Når ting hastar er det bra å ha nokre smarte effektive triks på lur.
I dag var eg med å hente åtti ferdigtrykka handlenett på Robotbutikken, starten på eit fantastisk samarbeid med bandet Chain Wallet. Printet laga eg for ei stund sidan på Island, men ting tar tid og endeleg var det ferdig. Eg er super-nøgd og har blitt gratulert for vel utført design opptil fleire gonger. Dette blir bra!
Nyleg har eg blitt hanka inn som designar for eit samarbeidskonsept mellom Griegakademiet og Vestnorsk Jazzsenter, konsertserien GIG-akademiet. Dette blir første plakat + logo for serien. Har litt grafisk-greier på lur som snart kan visast fram, kjennes bra å ha tid til å freelance litt.