Reykjavik roasters
Den beste kaffien i Reykjavik. Kanskje til og med den beste kaffien på Island, det flaumar jo ikkje over med kaffistader utanfor hovedstaden. Dei brenn kaffien sjølv i lokalet, så tre dagar i veka kan ein oppleve eit herleg kaffiluktande lokale og rislande kaffibønner. Store vindauger og fantastisk lokale, men har ein tendens til å bli fullt fort.
Kárastígur 1
Babalú
To etasjar med plenty av rare krokar å gjøyme seg vekk i. Dei legg mykje arbeid og krefter ned i å få denne plassen til å kjennes som ein heim, og dei gjer ein bra jobb. Dette er den perfekte staden å slå seg ned for ein pratsom ettermiddag eller ta med seg datamaskina for å jobbe, sjølv om kaffien i seg sjølv ikkje er mykje å skryte av.
Skólavörðustígur 22
Eymundsson
Dette er ein bokhandel, som har gjort den genistreken å slå seg saman med Te & Kaffi, den største kaffikjeda på Island. Dei er å finne tre stader i byen, og alle har det same konseptet. Ein får ta med seg kva ein vil frå magasinhylla og nokre utvalde bokhyller inn i kafeen, så det heile fungerer som eit slags bibliotek/kafé/bokhandel. Perfekt for søndagar! Dei har super te og den nest beste kaffien.
Austurstræti 18, Skólavörðustígur 11, Laugavegur 77
Eg har nesten kryssa av heile lista eg hadde i bakhovudet når eg kom hit, pluss ein del ekstra eg har fått tilfeldig på kjøpet. Planen er å komme meg på ein buss til Akureyri om ikkje så alt for lenge og få sett litt innland og nordlege landskap. Men om tida ikkje strekk til får eg heller utsetje planen til sommaren. Det er berre ein månad igjen no (!) og innleveringane står i kø, men eg skal få dei unna og nyte den siste tida 100%.
Phonofestivalen var jo i september, men eg har ikkje tatt meg tid til å fikse litt betre portfolio-bilder før no. Fint å ta fram att og hugse på kor kjekt det var å lage. Phono gir meg lov til å eksperimentere og prøve ut ting eg ikkje er sikker på om eg får til på førehand, og eg har lært meir frå mine to år som festivalgrafikar enn eg har nokon annan stad. Kanskje fordi ein lærer betre når ein hoppar i det og har det kjekt.
Reykjavik har ein mørketid-tradisjon. Lysande trær. I kvar gate finn ein minst eitt lyssett tre som speiglar seg i parkerte bilar og mørke vindauger. Ein roleg fredagskveld kan ein gå heilt uforstyrra og berre nyte synet og stillheita. Reykjavik er den stillaste byen eg veit. Og eg blir berre meir og meir forelska.
Eg har vore meir enn dårleg til å dele det me gjer på skulen, av den enkle grunn at eg er gløymer å dokumentere det. Men dette er ein film ei i klassen laga frå den store presentasjonen me hadde for ei veke sidan. Me hadde jobba i grupper i over fem veker og koda diverse rare fungerande og ikkje-fungerande teknologi.
13.11.14
3
School projects
_
Ein av desse pittesmå kystbygdene ein møter på langs vegen. Av og til kjennes det som ein trer inn i eit anna univers, der alle gater er tomme og ein brukar båt i staden for bil.